Tiltak etter nedbørssommaren 2017

30.01.2018 (Oppdatert: 01.02.2018) , Ole Arnfinn Røysland

Etter ein sommar med meir eller mindre konstant nedbør har det samla seg mange nye dammar på kjelver og jorder. I mange tilfelle står vatnet rett over grøfta utan å sige ned i jordskiktet. Dermed er det ikkje nødvendigvis grøftesystemet som har svikta. Feilen ligg mykje høgare oppe.

Her står vatnet rett oppå grøfta. Foto: Ole Arnfinn Røysland

Moglege årsaker

Det kan vere fleire ulike årsaker til at vatnet ikkje vil trenge ned i jorda. Sannsynlegvis er det ein kombinasjon av årsaker som fører til problemet.

Ulaglege forhold ved grøfting

Ved grøfting påverkar ein jordstrukturen kraftig. Etter at ein har lagt jorda attende over grøfta, tek det noko tid før jordstrukturen er tilbake på plass, og vatnet kan finne gangar til å trenge inn i jorda og ned til grøftene. For at dette problemet skal verte så lite som mogleg, er det viktig at massane er tørre/jorda smuldrar når ein grev over grøftene. Dersom jorda er våt og sausaktig når ein grev over grøfta, vil det ta lang tid før strukturen er bygd opp att og jorda infiltrerer vatn på vanleg måte.

Naturlege prosessar som retter opp jordstrukturen er i hovudsak prosessar som får jorda til å utvide seg og trekke seg saman. Dette er i praksis er dette frysing/tining og tørke/væting. I tillegg vil planterøter som veks, døyr og rotnar bidra til forbedra jordstruktur.

Husdyrgjødsel og anna tilslamming

Det er ein kjent sak at blautgjødsel slammar til overflata på jorda og tetter porene som er der. I eit normalår, med normal nedbør, vil blautgjødsla bli raskt nok nedbrote til at vatnet igjen kan trenge ned i jorda. På grunn av stadig påfyll av nedbør i 2017 var det lite tilgang på luft til nedbryting av husdyrgjødsel. Dermed har denne nedbrytinga gått uvanleg tregt.

På grunn av stadig påfyll med nedbør og treg infiltrasjon, har vatnet fått stå lenge oppå jorda. Det stadige påfyllet av vatn har drege med seg ein del finstoff. Når vatnet har fått stå i ro, har dette finstoffet fått botnfelle og hjelper ytterlegare til med å slamme til, og tette overflata av jorda. Dermed har jordskorpa blitt heilt tett. Når vi har spadd i jorda rundt om i fylket, er resultatet ofte 5 cm sorpe over tørr og fin jord.

 

 

Typisk resultat av eit spadetak i Rogalandsjord etter årets sommar. Dei øvste 5-10 cm er sorpe. Under dette er jorda tørr og fin. Foto: Ole Arnfinn Røysland

 

Køyring

Køyring med feil maskinar til feil tid og med feil dekk er òg mykje av årsaken til problemet. Generelt er køyring under tørre forhold nøkkelen til å minimere skadane ved køyring på dyrkamark. Når det ikkje er mogleg å oppnå tørre og fine forhold i jorda, er det ekstra viktig å gjere dei grepa som er mogleg for å minimere skadane. Det betyr å minimere antall køyringar, vekt, sluring ("elting av jorda") og dekktrykk når ein køyrer. Generelt bør ikkje dekktrykket vere over 1,5 bar (20 psi) når det er tørre og fine forhold. Dersom det er råare i jorda, må dekktrykket senkast og hjulbreidda aukast. Sjølv om skadane fyrst slår i mot oss med full kraft i år, er truleg grunnlaget for den tette toppen lagt dei siste åra.

Moglege tiltak

Løysinga på problemet er i alle tilfelle å fjerne vatnet. Dette kan ein gjere ved å profilere overflata, eller "hjelpe" vatnet ned til grøftesystemet. I enkelte tilfelle kan det vere naudsynt å tenke nygrøfting.

Pløying

Dersom problemet berre er i dei 5 øvre centimetrane, vil ein runde med plogen kunne løyse mykje av problemet. Ein vil bryte det tette sorpelaget og gi grunnlaget for nye dreneringsmoglegheiter nedover i jordsjiktet. Men det er viktig at jorda er lagleg når ein pløyer. Om ikkje vil ein berre flytte problemet.

Profilering

Ein måte å få vatnet bort på, er å forme overflata slik at vatnet renn bort av seg sjølv. Dette er spesielt aktuelt dersom det er ein bekk, kanal eller eit nedløp i nærleiken. Det er viktig å ha med seg hovudet når ein former overflata. Ein må få vatnet til å renne av teigen, og ikkje berre flytte problemet til ein annan stad på teigen. Forming av overflata skal ein òg ha i bakhovudet når ein legg attlegg slik at ein fjerner eventuelle søkk i terrenget der vatnet kan samle seg.

Sluk eller grusfilter

Som nemnt over, finn ein mange stader at vatnet står rett over eksisterande grøfter. Då er det beste tiltaket å hjelpe vatnet ned til grøftesystemet. Her kan det i enkelte tilfelle vere nok å stikke opp nokre hull med eit spett for å få vatnet ned. Desse hulla vil imidlertid fort slamme seg til, og ein må stikke hulla jamleg opp att.

Ei meir langvarig løysing er å lage eit sluk eller eit grusfilter av noko slag. Dette betyr i praksis å lage eit hull frå drensrøyret og heilt opp til overflata som ein fyller med filtermasse (grus eller grovkutta sagflis. Singel filtrerer ikkje). Dimensjonen på filteret er avhengig av tilgjengeleg utstyr, ønska varigheit og kapasitetsbehov. Ei rask og kostnadseffektiv løysing, kan vere å borre eit 20 cm stort hull med ein jordborr, og fylle dette opp med drenerande masse (sjå bilde under). Treng ein større kapasitet, kan ein supplere med fleire små sluker, eller finne fram større gravereiskap. Dersom ein treng stor kapasitet, er eit tiltak å sette eit drensrøyr loddrett midt i sluket/filteret eit stykke oppover, og kople denne på eksisterande drensrøyr (sjå bilde under).

I alle tilfelle er det naudsynt å vedlikehalde sluket/filteret ved å fjerne lauv og anna graps som tetter filteret.

 

   
 1)
Borring av hull med
jordbor.
Borr til du finner
filtermassen som
dekker drensrøret
 2)
Ferdig hull
 3)
Ferdig sluk med grus.
Fjern jord kring sluket
slik at det ikkje ligg ein
voll kring sluket.

 

Forslag til utforming av større grusfilter



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.