
Redusert dekktrykk er eit av mange tiltak ein kan gjere for å redusere jordpakkinga. Å kontrollere kva dei dekka ein eig faktisk toler, er det aller billegaste ein kan gjere.
Jordpakking er eit stadig tilbakevendande problem. For mange er det den viktigaste enkeltfaktoren som begrenser avlinga. Eit bevisst forhold til dekktrykket er eit av fleire prevantive tiltak får å minimre skadane i jorda.
Kva er problemet med jordpakking?
Ein anna enkel test for å sjekke tilstanden på jorda, er å kjenne kor tungt det er å presse eit skrujern 10 cm ned i bakken. Er det mulig dersom du held to fingrar på skrujernet, eller må du bruke heile hånda?
Tiltak for å motvirke jordpakking
Jorda er mest utsett for pakking når ho er våt. Derfor er det viktigaste tiltaket å ikkje køyre når jorda er våt.
Eit anna tiltak for å redusere jordpakkinga, er å redusere trykket i dekka. Trykket på jorda rett under dekket er likt som trykket inne i dekket (sjølv på ein MF 135). Derfor vil du gjere meir skade i topplaget på jorda med eit dekk som har 1,5 bar trykk enn eit dekk som har 0,8 bar trykk. Dette er uavhengig av bredde på dekket. På bar jord er alt trykk over 0,8 bar skadelig. Det vil seie at du i utgangspunktet gjer vondt når du køyrer med meir enn 0,8 bar i dekka. Er det grasdekke på jorda, vil røttene armere jorda noko, men du vil framleis ha att for å ha eit bevisst forhold til dekktrykket. Som ein bonus vil trekkrafta til traktoren auke med redusert dekktrykk. Dersom du reduserer trykket frå 1,5 bar til 0,6 bar, vil du auke trekkrafta med 25%. Du vil òg spare diesel på dette.
Kva toler dekket?
Generelt vil eit dekk tole mindre vekt og fart etter kvart som ein reduserer lufttrykket. Men det er imponerande kva sjølv eldre dett toler av låge dekktrykk. For å finne ut kva dine dekk toler, må du fyrst finne ut kva dekket heiter. Neste steg er å finne dekktrykkstabellen for det spesifikke dekket. Dei store dekkmerka har dekktrykkstabellane liggande på nett. Desse tabellane fortel kva det enkelte dekket tole ved ulike hastighetar og vektbelastingar. Dei kjende dekkmerka har òg utvikla kvar sin app til same formål.
Korleis lese ein dekktrykkstabell?
Alle dekktrykkstabellar er bygde opp etter det same prinsippet. Under er det vist eit døme for eit "Trelleborg TM 800" dekk med dimensjon "540/65 R30".
Ein del dekktrykktabellar kan vere vanskelege å finne. Kontakt forhandlaren for å finne dekktrykktabell for ditt dekk.
Fyrst må ein finne rett tabell for dekket. Type og dimensjon for ditt dekk, finn du på dekksida. Då dette er eit TM 800-dekk, må ein finne tabellen for dette:
Deretter må ein finne lingja for rett dimensjon. I dette dømet "540/65 R30":
Så kan ein lese av kva dekket toler:
Den raude sirkelen markert med "1." angir ulike dekktrykk. I dette døme går skalaen frå 0,6 bar til 2,1 bar. Sirkelen som er merka med "2." markerer tre ulike hastigheter. I dettet dømet 10 km/t, 40 km/t og 60 km/t. dermed er det bare å finne tallet der desse lingjene møtes. Sirkelen som er merka med "3." viser kva dette dekket toler ved eit trykk på 0,6 bar, og ein hastighet på 40 km/t. Tallet i sirkelen er 1 735. Dette angir kg/dekk. Med andre ord kan du ha ei vekt pr. dekk på 1 735 kg når dekktrykket er 0,6 og du køyrer i maksimum 40 km/t. All den tid dette er trykket som det enkelte dekket toler, vil maksimal vekt på akslingen vere det dobbelte: 3 470 kg.
Dersom ein er usikker, kan NLR eller dekkforhandleren hjelpe deg å lese dekktrykkstabellen.