Aktuelle areal for nyetablering av vekstar for pollinerande insekt kan vera ulike kantareal med lite ugras. Fleirårige blomar blomstrar gjerne først året etter såing medan eittårige blomstrar i såingsåret.
Frøblandingar
FKRA har frø som kan eigna seg som viktige sonar for pollinerande insekt:
Norgesfôr / Fiskå Mølle har også eit utval av eigna såfrø samt ei eiga bievennleg blanding.
Les meir
10 danske råd for å hjelpe bier.
Blomstermeny for pollinerende insekter.
Artikkel i Bondevennen nr 27 2019.
Frå markdag 27. august på Jæren om pollinatorartar.
RMP
Rogaland er eit av fylka som har gitt tilskot gjennom RMP til skjøtsel av soner som er viktige for ville pollinatorartar.
Det kan enten vere ei sone på/ved eit jordbruksareal som aktivt blir sådd med eigna frøblandingar, eller skjøtsel av etablerte areal som har ei blanding med planter som gir næring for pollinatorar gjennom vekstsesongen. Frøblanding kan ikkje innehalde berre kløver eller andre belgvekstar. Sona må vere minst to meter brei, og ein kan teikne inn i kartet fleire 2 meter breie soner.
Skjøtselsråd i desse sonane er å ikkje bruke kjemiske plantevernmiddel, mineralgjødsel eller husdyrgjødsel. Slå arealet så seint i sesongen at dei viktigaste blomane er avblomstra og eventuelt bakketørke nokre dagar. Det er viktig å fjerne plantematerialet etterpå for å unngå gjødslingseffekt. Ta vare på treslag som er gode matkjelder; lind, selje, rogn, hegg m.fl. Fjerne framande artar.
Norsk Landbruksrådgiving Rogaland
Særheim, Postvegen 211, 4353 Klepp stasjon
Telefon: 51 78 91 80
E-post: rogaland@nlr.no
Org.nummer: 870543492