Tiltak i eng og beite

01.03.2018 , Ragnvald Gramstad

Etter 2017-sesongen har vi særs ulik status for eng- og beitelandskapet i Rogaland. På noko areal er det mykje attverande gras etter at det vart teke ein, to eller tre slåttar for lite i fjor. Andre stader bærer jorda preg av køyreskader og tett jord.

Direktesådd areal på Jæren april 2014. Foto Ane Harestad

Aktuelle tiltak i eng våren 2018­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­

Ny vekstsesong står for dør, og med det mange ulike oppgåver som dukker opp. Etter 2017-sesongen har vi særs ulik status for eng- og beitelandskapet i Rogaland. På noko areal er det mykje attverande gras etter at det vart teke ein, to eller tre slåttar for lite i fjor. Andre stader bærer jorda preg av køyreskader og tett jord. Atter andre stader er problemet at enga yter lite på grunn av mykje ugras som tunrapp og kveke. Det kan difor vera på sin plass å komma med nokre forslag til tiltak i eng og beite denne våren.

Det var mange ulike former for hausteregime i 2017. Dei engareala som vart lite hausta utover hausten, og hadde ein god grashøgd i okt/nov, framstår i dag som bra. Dette bør gå bra om vi ikkje får sterk barfrost og uttørking utover i neste månad.

Overvakse engareal

Nedvisning av gras

Det er slike areal som i desse dager set mest fart i tankar og diskusjonar om ulike tiltak. Det dukkar opp spørsmål om avpussing, beitepussar, tromling og brenning.

Naturen ordnar oftast opp med naturleg nedvisning av graset fram til våren set inn for fullt. Dessutan vil køyring på frosen mark vere ei påkjenning for dei plantene som vert køyrde over då den frosne marka ikkje "fjører" på samme måte som tørr og lagleg jord. Dermed vil plantene verte skvisa mot den harde tela, og du vil truleg sjå att køyrespora til våren.

Bruk av husdyrgjødsel i vår

Dersom ein nyttar vanleg spreieutstyr og tynn gjødsel (2-3 tonn/daa og 2-3% tørrstoff), vil dette normalt gå greit. Dersom ein i tillegg har stripe/slangespreiar, vil denne gjera ein god jobb på eit overvakse engareal.

Er ein redd for at husdyrgjødsla klebrar seg til det visne graset og i neste omgang vert med inn i siloen når ein haustar, kan det vere aktuelt å berre bruka mineralgjødsel i vår, og heller tilføra husdyrgjødsla seinare i sesongen.

Engareal med gammalt vissent gras er kanskje mest aktuelt å lagra i rundballar. Dermed kan ein bruka 1. slått som gjeldkufôr/ammekufôr e.l. Utover sesongen vil ein driva slike areal som enga generelt på garden.

Andre aktuelle tiltak i eng

Drenering og fornying

Det vil vera ulike utfordringar framfor kommande vekstsesong. Mykje areal må grøftast.

Dersom det er gammalt grasareal med mykje tunrapp og kveke, kan fleire tiltak vera aktuelle.

Pløying og nytt grasattlegg

Dette kan vera lurt dersom arealet har fått mykje køyreskader og ei ujevn overflate etter hard behandling i 2017. Dersom det er lite kveke, kan ein trygt pløya og etablera nytt grasattlegg. Nytt attlegg gir om lag 800 kg ts/daa fordelt over 2 slåttar. Det er større avling enn ein ofte oppnår frå ei gammal eng.

Isåing i eng

Dette kan vera aktuelt om ein har eng som ser rimeleg bra ut, men har ein del opne flekkar. Då kan rett strategi vera isåing med 2-3 kg Spire Pluss 100 frå FK eller Nr. 23 frå Fiskå. Alternativt kan ein bruke rein Figgjo fleirårig raigras. Isåing med andre artar enn raigras har jamt over gitt dårleg tilslag.

Isåing med eitt og to-årig raigras

Sidan vi har mykje eng som har stort innslag av kveke og anna ugras, er dette eit svært aktuelt tiltak. Areala vart ikkje brakka i haust av naturlege grunnar. Dersom ein vil nytta glyfosat mot kveke i vår, får ein kanskje ikkje dette gjort før i mai.

Isåing med eitt- og to-årig raigras vil som oftast gi godt tilslag og gi eit spennande og godt grovfôr. Ein vil løfta avlinga i år i både mengde og kvalitet. Dersom ein gjer dette også neste år på samme areal, vil ein året etter ha eit rimeleg kvekefritt areal for etablering av nytt grasattlegg. Dette er ofte like effektiv kvekekamp som bruk av glyfosat.

Det er mange alternative løysingar på korleis ein praktisk sår i eitt- og toårig raigras. Det viktigaste er at frøet får god kontakt med jorda, og ikkje tørkar ut. Ein såmaskin som roter litt i overflata, kan derfor nyttast direkte. Eit anna alternativ er å vente til det tørkar opp i vår og føreta ei grunn harving, for så å så inn 1 kg eittårig og 3 kg to-årig raigras (4 kg/daa). Er ein heldig, og har lite stein i jorda, kan det vera betre med ei tradisjonell pløying før isåing med samme blandinga.

Tiltak i beitene

Mange beite fekk ei røff behandling i 2017. Det er trakkskader av ulike omfang. Ein god idè er litt frøsåing nå tidleg i vår. Erfaringa viser at tidspunktet for isåing med frø i beite er eit av suksesskriteria. Det er viktig å få frøa ut tidleg før dei øvrige plantene i beitet vert for dominerande. Dette kan ein gjera nå i mars så snart det er opptint. Kanskje endå til før ein skal tilføra husdyrgjødsla på beite. Aktuell frøblanding for isåing er 2-3 kg Spire beite ku/sau pluss 60 pr. daa. Dersom ein vel å frøså i lag med utspreiing av husdyrgjødsla, kan det vera lurt å forbløyta frøet. Dette vil letta innblanding i gjødselvogna.

Ta kontakt med oss om du vil drøfta ulike tiltak.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.