Tips til å ta høge grovfôravlingar

16.11.2020 (Oppdatert: 16.11.2020) Ole Arnfinn Røysland

For å ta ut høge grovfôravlingar, må du sørge for å legge forholda til rette slik at grasplanta trivest. Det betyr at vokseplassen må vere i orden.

Foto: Ane Harestad

Det er mange forhold som skal vere på plass for at grasplanta skal trivast:

 

Rett pH

For optimal trivsel hjå grasplanten skal pH vere mellom 6,0 – 6,5. Sjekk jordprøvane, og tilfør kalk dersom pH er for låg. Som ein tommelfingregel krevst det 100 kg kalk/daa for å hevje pH med 0,1. Dersom du skal køyre på meir enn 400 kg kalk, bør den blandast i jorda ved pløying og / eller harving. Mindre mengder kan spreiast på overflata.

Meir om kalking

God grøftetilstand

Planterøtene treng tilgang på luft for å ta opp næring. Bakteriane i jorda treng luft for å gjere næringsstoffa tilgjengelege for røtene. Vatn som står på jorda vil òg slamme til overflata og gjere ho endå tettare. Du får ikkje god produksjon på ei jord som stadig er vassmetta.

Meir om grøfting

IKKJE pakka jord

Ei hardt pakka jord er tung å ta seg fram i for røtene. Konsekvensen er at røtene ikkje får vakse seg så djupt som dei treng og er meir utsett for tørke samtidig som det er vanskelegare  for dei å få tak i næring frå jorda. Sørg for å ikkje køyre før jorda er lagleg. Ha eit bevisst forhold til lufttrykket i dekka dine. Lågt lufttrygg sparer diesel og reduserer jordpakking. Vekt pakker jord, ikkje bruk den tyngste traktoren dersom du ikkje må.

Meir om dekktrykk

Balansert gjødsling

Grasplanta treng ein balansert tilførsel av nitrogen, fosfor, kalium, svovel og dei andre næringsstoffa. Bruk gjødselplanen, og gi tilbakemelding dersom du meiner at gjødslinga ikkje fungerer. Bruk gjerne fôranalysar med mineralanalyse for å sjå kva næringsstoff graset faktisk har teke opp gjennom veksttida. Dette er eit godt verktøy for å justere gjødslinga. Det er mykje å spare på å bruke dei rette gjødselslaga til rett tid og i rett mengde.

Lite ugras

Ugraset har låg næringsverdi, gir lite avling og stel næring og plass frå graset me vil skal vekse der. Sørg for å halde ugraset vekke. Det gjeld òg grasartar som tunrapp og kveke.

Vanlege ugras i etablert eng 

Forny areal som ikkje gir god avling

Avlinga på eit areal vil minke frå og med tredje engår. Kor mykje avlinga minker er avhengig av faktorane ovanfor. Ha eit bevisst forhold til avlingsnivået på dei ulike skifta, og forny enga så snart ho gir for lite avling. Du kan få meir avling i attleggsåret enn ei gammal eng.

 

Ver nøye med attlegget

I attleggsåret legg du grunnlaget for mange år med avling. Ver nøye og legg sjela i dette arbeidet. Pass òg på å ikkje legge grasfrøet for djupt. Det gir som regel best resultat å tromle både før og etter såing.

Vel rett grasart

Er teigen blaut eller tørr? Kva type fôr skal du produsere på denne teigen? Skal teigen beitast?
Desse spørsmåla er med på å bestemme kva frøblanding som er best egna på dine skifter. Diskuter gjerne frøblandingar med NLR.

Meir om val av såfrø 

 

Bruk augo, sjå etter feil

Når det overnemnte er på plass, er det alltid viktig å bruke tid på å kikke på enga. Følg med på om alt ser normalt ut. Dersom graset ikkje veks som det skal, er det som oftast ein grunn til det. Ta kontakt med NLR og få hjelp til å finne ut kor skoen trykker.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.