ULIK BEHANDLING AV GRAS FØR BALLING

20.06.2019 (Oppdatert: 20.06.2019) Harald Hetland

Rundballe er dominerande lagringsmetode for grôvforet, enkel men kostbar. For å redusera talet på rundballar noko, og dermed kostnadane, vil forturking væra effektivt opp til ein TS% på mellom 40- og 45%. Men forturking har også verknad på kvaliteten på det innhausta foret. Spreiing og raking aukar faren for innblanding av jord og sporedannande bakteriar. Tap av finpartiklar, eit større andetap m.m. vil også spele inn.

Sommaren 2007 gjennomførte Haugaland landbruksrådgjeving ei enkel registrering på garden til Sjur Aakra i Etne, der vil prøvde å finne svar på noko av dette. Ein teig, eng på godt drenert sandjord, vart slått 13. juni 2007, kl. 12.00. Så vart slåtteteigen delt i tre, der dei ulike delene vart behandla slik:

Ledd 1 : Slått i streng Urørt
Ledd 2:  Breislått. Raka saman 15.06  ca kl 13.00
Ledd 3:  Breislått. Ei vending 14.06. Raka saman 15.06. 

Heile feltet vart så pressa 15.06.  kl 17.00. I ettertid vart alle ballar vogne, og det blei tatt ut forprøve frå alle ledd. Resultatet er vist i tabellen under.

 

Ferskt gras

 Ledd 1

Ledd 2

Ledd 3

 

 

 

 

 

Tørrstoff %

21,9

31,9

48,5

51,2

Fem/kg ts

0,92

0,92

0,89

0.90

PBV g/kg TS

2

17

17

19

ph

 

4,4

5,3

5,3

Mjølkesyre

G/kg ts

 

55

18

13

Smørsyre g/kg ts

 

0

1,2

1,7

Eddiksyre g/kg ts

 

7,8

4,9

4,5

Ammoniakk % av

Total N

 

8,0

5,1

5,2

Kg pr balle

 

616

606

560

Fem pr balle

 

180

261

258

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.