Våtare somrar i Rogaland

14.08.2020 (Oppdatert: 17.08.2020) Lars Kjetil Flesland

Vi har fått høyre at klimaendringane vil føre til meir nedbør og høgare temperatur. Stemmer dette hjå oss? Vi har sett på nedbørsmålingane og temperturmålingane på stasjonane Særheim, Hjelmeland og Etne frå 1995 og fram til i dag.

Våre lokale klimastasjonar viser at somarane er våtare nå enn dei var på 1990-talet. Foto: Lars Kjetil Flesland

Nedbør:

Målt nedbør i månadane april-september har auka.

Det er ein klar tendens til auka sommarnedbør (april-september) i denne perioden. Frå 1995-2005 fall det til dømes i middel 764 mm nedbør på Hjelmeland. Hoppar vi fram til perioden 2014-2019, fall det i sum 940 mm i dei same månadane. Vi ser den same tendensen i Etne og Særheim.

 

Dagar utan nedbør:

Likeeins, om vi tel opp tal dagar det ikkje har kome nedbør, er tendensen den at vi har færre slike dagar no enn før. 

 

Temperatur:

Men om vi ser på temperaturen i den same perioden, er bildet ikkje så eintydig. Kanskje kan det sjå ut som om somrane var vel så varme før? Og med meir regn og skyer, er det kanskje også slik at dei varme fine sommardagane er blitt færre. Men ei utvikling kan ein kanskje sjå: På klimastasjonen i Etne var det ikkje registrert makstemperturar over 30 grader før 2003. I 2014 var det registrert 10 dagar med slik tropevarme, 3 i 2018, 4 i 2019 og 3 til no i 2020. Kan det være i utvikling her?



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.