Vær obs på vinterkarse

02.06.2020 (Oppdatert: 02.06.2020) Annlaug Fludal

Ser du lysande gule korsblomstra ugras i enga like før 1.slåtten er det truleg vinterkarse. Denne planta finst over det meste av området vårt og enkelte bønder har tatt kontakt fordi det eit ugras som spreier seg. Elles ser ein det ofte på massedeponi, roteplasser og liknande. Den er oppgitt å vera ugras i eng og beite på Sør- og Østlandet. Den sterke smaken skal kunna gi smaksfeil på mjølk. Ugraset er truleg ikkje meir problematisk enn mange andre, men ingen grunn til å la den spreia seg. Vinterkarse er fleirårig, men har lita rot og er lett å nappa opp. Har du berre nokre få i eng og beite bør du ta ein plastsekk og plukka med deg planter før dei frøar seg. Har ugraset alt blitt eit problem er fenoksysyrene oppgitt å ha best verknad.

Korsblomstra planter har fire kronblad. Det finst mange dyrka planter i denne familien som til dømes kålvekster og oljevekster. Men det finst òg svært mange eitt- eller fleirårige ugras. Blomsterfargen er ofte kvit eller gul, men kan ha andre fargar slik som den svakt lilla engkarsen. Korsblomstra planter kan vera vanskelege å skilla. Skulpene, frøsamlingane, kan ofte vera eit kjenneteikn, lange, runde eller spesielle former som t.d. hjå gjetartaska .

Det finst korsblomstra gule ugras som ikkje er så mykje å bry seg med. Særleg ved såing av gjenlegg kan det følga med eittårige variantar som blir borte av seg sjølv. Men om det i mai – juni finst store, gule korsblomstra planter i enga bør du sjekka ut kva du har. Me har fått tilbakemelding frå enkelte om eit «nytt» ugras som aukar i omfang. Vinterkarse er eit vanleg ugras ein del plasser i landet. Blomane er intens gule og blada er blanke og kjøttfulle. Blomane kan minna om andre korsblomstra ugras, men bladverket skiller den frå andre. Knoppane kan minna om små brokkoli – og planta kan bli brukt til mat. Men den er sterk på smak og dyra likar den ikkje. Frøspreiing er viktigaste formeiringa for vinterkarse. Den kan spreiast gjennom for og husdyrgjødsel. Enkeltplanter kan lukast og fjernast før frøsetting. Planta kan til ein viss grad formeira seg vegetativt. Ved kjemisk behandling er fenoksysyrer (mekoprop- eller MCPA-preparat) brukt før blomstring oppgitt å ha best verknad.

Meir fagstoff:

Plantevernleksikonets omtale av vinterkarse

Artsdatabanken



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.