Verknad av hjortebeiting på attlegg og avlingsmengda i påfølgande engår

19.06.2019 (Oppdatert: 19.06.2019) Lars Kjetil Flesland

I samarbeid med Fureneset forskningstasjon og med økonomisk støtte frå Vindafjord kommune, hadde Haugaland landbruksrådgjeving i åra 2002-2005 eit storskalaforsøk på Blikra i Vindafjord, der vi prøvde å finne ut kor stor effekt hjorten hadde på avling og kvalitet i eng. Staden var valt ut frå kunnskap om at hjorten utgjorde eit stort problem på innmarka. Feltet vart sådd våren 2002 i etablert eng, midt i ein teig på om lag 35 dekar. Teigen grensa i øvre kant mot utmark, resten mot enten kulturbeite eller anna slåttemark.

Den inngjerda delen av hjortefeltet i Vats, fotografert i august 2004. Framfor ser vi tidlegare rådgjevar i Haugaland landbruksrådgjeving, Torbjørn Ruud. Foto: Lars Kjetil Flesland

For å sjå om effekten av hjortebeiting slo ulikt ut på ulike grasarter, bestod feltet av 4 ledd med reine grasslag og eit ledd med engfrøblanding. Feltet  vart hausta to ganger pr år. I tillegg vart dekkeprosent, botanisk samansetnad og visuell beiteskade registrert. Feltet bestod av to like teigar, ein inngjerda og ein som stod open for beiting.

 

Tabell 1. Avling i kg TS pr dekar og år.

 

 

Engfrøblanding

Timotei

Engsvingel

Engrapp

Fleirårig raigras

Middel

Inngjerda

2002*

379

319

308

288

338

326

 

2003

1333

1383

1105

742

1527

1218

 

2004

1414

1440

1191

1096

1368

1302

 

2005*

582

619

585

499

529

563

 

Middel

927

940

797

656

941

852

 

 

 

 

 

 

 

 

Beita

2002*

244

254

210

113

110

186

 

2003

957

1008

999

727

1016

941

 

2004

872

821

895

904

969

892

 

2005*

474

305

516

538

394

445

 

Middel

637

597

655

570

622

616

*: Berre 1 slått.

 

Resultat

Sidan dette er eit enkeltståande felt, kan ein ikkje dra direkte slutningar frå dette feltet til andre stader. Men mange av resultata i dette feltet stemmer godt over eins med resultat i andre felt. I vårt felt var avlinga på skjerma ruter i middel 28% større enn på ruter som stod opne for beiting. Av grasslaga vart timotei hardast beita, med eit avlingstap på 37%. Høgast avling på dei rutene som var utsett for beiting fekk vi der det var engsvingel. Engrapp hadde lågast avlingstap, med 15%. Men engrapp har også lågast avlingspotensiale.

 

Ugras

Noko som kom klart fram var at hjorten beitar selektivt. På dei inngjerda rutene var ugras, særleg løvetann eit stort problem. Der hjorten kom til var det svært lite løvetann. Engrapp etablerer seg seint har dårlegare konkurranseevne mot ugras. Rutene med engrapp stod best på der dei var utsette for beiting, og i siste engår gav desse rutene større avling  enn dei som var skjerma mot beiting. Grunnen til dette var eine og åleine ugras. Rutene som var skjerma mot beiting hadde ved 2. slått 2005 i middel 2% engrapp. Resten var ugras, der løvetann åleine utgjorde 30%. På rutene som vart beita utgjorde andelen av engrapp 70%.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.