Det er inga garanti for at du med dette får køyrt husdyrgjødsel til eller frå, men ved å registrera deg hjå NLR Rogaland, får vi ei oversikt over dei med behov for det eine eller andre, og kan såleis sette dykk i kontakt med kvarandre der det er aktuelt.

Fyll ut registreringsskjema som du finn under. Vi tek kontakt om vi har aktuelle kandidatar til mottak eller køyring av husdyrgjødsel.

Du kan og skriva ut forslag til kvittering til bruk i formidlinga. Leverandør kan nytta dette skjemaet til å dokumentera den eller dei han leverer hjå, medan mottaker kan nytta dette skjemaet til å dokumentera kva og kor mykje han har motteke frå kven.

Kontakt

Jæren:

Tore Sæland, tlf. 996 07 565


Haugalandet:

Harald Hetland, tlf. 416 32 774