Invitasjon til konferanse om rammevilkår og omsetning –

muligheter og hindringar for omstilling og vekst for Rogalandslandbruket

Fredag 27. august 2021 kl. 10.00-15.00 på Øksnevad vidaregåande skole

Rogaland landbrukspark inviterer politikarar, næringsutøvande i landbruket, rådgiving, forvaltning, undervisning, og andre samfunnsengasjerte.

Trendane i norsk forbruksmønster er mindre kjøtforbruk samstundes som norsk mjølkekonsum går ned. Etterspurnaden er aukande etter produkt som bær, frukt og grønsaker. Ei omstilling av produksjonen krev at heile verdikjeda fungerer; alt frå rammevilkår til marknadsadgangen.

Kva ambisjonar har styrande makter og politikarane for matfylket Rogaland, og er det eigentleg vilje til å få til ei berekraftig omstilling?

Agenda

10.00 Registrering, vi møtest over kaffikoppen og ved fruktfatet til koronafri småprat

10.30 Velkommen til Øksnevad vidaregåande skole. Eiliv Fougner Jansen, rektor

10.35 Mat og marknad – korleis NIBIO og Rogaland Landbrukspark engasjerer seg. Arne Sæbø, stasjonsstyrar NIBIO Særheim og styreleiar i Rogaland Landbrukspark

10.45 Korleis vil Bondelaget bidra til omstilling i Rogalands jord- og hagebruk? Marit Epletveit, styreleiar i Rogaland Bondelag

11.00 Tilgang til marknaden gjennom betre handelsavtalar -realismen i å auka norsk produksjon gjennom redusert import. Leif Forsell, sivilagronom/landbruksøkonom

11.25 Har vi handlingsrom med omsyn til omstilling i norsk landbruk?
Maktfaktorar i norsk matproduksjon – styrer politikken kjedene eller er det kjedene som styrer politikken?
Olaug Bollestad, landbruks- og matminister

11.50 Enkel lunsj servert av elevar ved skolen

12.45 Er vi forberedt og har vi verktøy til omstillingar i norsk jord- og hagebruk?
Geir Pollestad, leiar av næringskomiteen på Stortinget

13.05 Grøntsektoren i Rogaland: muligheter og hindringar for å auka produksjonen. Ivar Pettersen NIBIO

13.30 Kor viktig er det å få stabile forsyningar av råstoff og kva konsekvensar kan ein nedgang gi? Terje Wester, dagleg leiar Fatland AS

13.55 Beinstrekk

14.05 Paneldebatt. Innleiarane deltar. Leia av Tor Øyvind Skeiseid

14.50 Avslutning. Arne Sæbø

Det vert gitt rom for 5 minuttar til spørsmål etter kvart innlegg.

Pris: kr 400. Blir fakturert etter møtet.

Møtet vert lagt til Teams dersom smittesituasjonen tilseier det. Alle påmeldte får då e-post

med innkalling. Kostnaden fell bort.

Påmelding innan torsdag 19. august her.

Hald av tidspunktet i kalenderen!

Velkommen!

Rogaland landbrukspark
Rogaland fylkeskommune
Statsforvaltaren i Rogaland
Rogaland bondelag

Bakgrunn: NIBIO har prosjektet «Korleis auke produksjonen av grønsaker i Rogaland» og Rogaland Landbrukspark har planar om å søka midlar til eit «Scenario-prosjekt». Begge desse initiativa vil ha stor nytte av innspel frå politikarhald. Temaet er og av stor allmenn interesse, både i og utanfor landbruket.

Kven er Rogaland landbrukspark?

Rogaland Landbrukspark har sitt utspring i Særheim- og Øksnevad-miljøet, og består av organisasjonane: NIBIO, Vinterlandbruksskulen på Jæren, Vinterlandbruksskulen i Ryfylke, Øksnevad vidaregåande skole, Høgskulen for grøn utvikling, NLR Viken, NLR Rogaland, Tine medlem og rådgiving, Jæren Rekneskapslag.

Formålet med Landbruksparken er å bidra til synergieffektar gjennom samhandling til nytte for landbruket.


Konferansen vert støtta av kompetansehevingsmidlar i landbruket.