Kursopplegg, fornying og bevis første gong
Jæren. Du kan du velja datoar slik det passar best.
- Bevis for første gong: Du må delta på dag 1 og dag 2.
- Fornying: Du må delta på dag 1.
Haugalandet og Helleland. Kursseriar med faste datoar. Vil du gjera andre kombinasjonar av datoar, kan du ta kontakt med kursansvarleg etter påmelding.
Finn kursdatoar og påmeldingsskjema
NLR Rogaland arrangerer autorisasjonskurs
Kvar vinter arrangerer me kurs i autorisasjon for kjøp og bruk av plantevernmiddel fleire stader i området vårt. Kursa blir haldne av våre rådgjevarar innan jordbruk og HMS. Dei legg vekt på lokale problemstillingar innan plantevern.
Lovkrav
For å få rett til autorisasjon krev Forskrift om plantevernmidler at ein er over 18 år og kan dokumentera yrkesmessig behov. Ta kontakt før kursstart med landbruksavdelinga i kommunen om du er i tvil om du kan få bevis. Beviset gjeld i ti år. For å få bevis, må ein gjennomføra kurs med bestått eksamen. Les meir hjå Mattilsynet på Autorisasjonsbevis for bruk av plantevernmidler.
Gnagarmiddel
NLR Rogaland arrangerer òg autorisasjonskurs for gnagarmiddel. Dette kurset krev at ein har autorisasjonsbevis for plantevern.
Fornyingskurs på nett
Mattilsynet har nettbasert kurs for fornying av bevis, sjå mattilsynet.no.
Prisar
Prisar for kurs inkluderer lærebøker, eksamensgebyr og enkel servering.
Medlem | Ikkje medlem | |
Fornying av bevis | 2 300 kr | 3 300 kr |
Bevis for første gong | 2 800 kr | 4 300 kr |
