Trygt landbruk er eit oppfriskingskurs i HMS for landbruksnæringa og er tilbydd som e-læring.


Kurset er eigna for dei som allereie kan dokumentere kravet til HMS-opplæring i Arbeidsmiljølova §3-5. Kurset er berekna til 6 timar, har valfri ettertest og du får kursbevis. Kurset HMS i landbruket tilfredsstiller kravet i Arbeidsmiljølova og KSL.


Målet med kurset er påfyll av kunnskap og motivasjon for deg som bonde og arbeidsleiar.

Gjennom e-læringa får du også moglegheit for å lage din eigen beredskapsplakat tilpassa din gard!


Kurset omhandlar viktige tema i landbruket som:

  • Motivasjon
  • Lovverk
  • Vernerunde
  • Traktor og maskin
  • Brann og elektrisk
  • Risikovurdering
  • Husdyr
  • Dokumentasjon
  • Arbeidsgjevaransvar
  • Helse og velferd
  • Beredskap
  • Andre næringar knytt til garden
  • NLR-medlemmar kr 800,- + mva
  • Andre kr 1100,- + mva

Ikkje medlem i NLR?

Bli medlem i dag

Har du spørsmål om kurset? Kontakt ein av våre HMS-rådgivarar!