Korleis kan ein få til grovfôr av topp kvalitet? Utover sesongen kan du lesa Nærbø-bonden Jørn Viste sine tankar, planar og ambisjonar for grovfôrproduksjonen i vår Facebook-gruppe.
NLR Rogaland deltek i uttesting av klimavarsel som går 2-4 veker fram i tid. Prosjektet «Climate Futures» vart starta opp i oktober 2020, og skal gå over 8 år.
Thomas Holz i NLR Øst blir med på markvandringar i Rogaland med tema dyrking av småskala grønsaker etter økologiske prinsipp. Thomas har mange års erfaring med rådgiving innan økologisk dyrking av grønsaker, og har fleire år vore med på markdagar her.