Gjødslingsplan - eit nyttig årleg verktøy

03.10.2017 (Oppdatert: 11.10.2017) | Nyhet

Det er krav til årleg gjødslingsplan, og planen skal vera klar før vekstsesongen.

  • Fagleg rett utarbeidd gjødslingsplan vil sikra betre avling, redusert gjødselkostnad og gi betre miljø.
  • Føretak som disponerer husdyrgjødsel frå meir enn 5 GDE (til dømes 35 vfs) skal ha ein årleg gjødslingsplan utarbeidd før kvar vekstsesong.
  • Gjødslingsplan kan ein laga sjølv.
  • Gjødslingsplan kan ein få utarbeidd hjå Norsk Landbruksrådgiving. Ta kontakt nå og avtal i god tid før neste vekstsesong. E-post rogaland@NLR.no eller tlf 51789180.
  • Mangelfull gjødslingsplan kan gi store økonomiske trekk ved kontroll.