Formidling mjølkekvote

06.10.2017 (Oppdatert: 06.10.2017) | Nyhet

Fristane for sal/utleige kvote er passert for i år, neste sesong for formidling mjølkekvote hjå oss startar neppe før i mars neste år. Det har vore helst stor interesse for kvoteformidling i år også, både med tanke på å leiga og kjøpa kvote. Ein heil del ønsker også hjelp ved fornying av leigeavtalane.

Foto: NLR Rogaland

Det er marknadskreftene som rår, pris på kvote blir bestemt av tilbod og etterspurnad, NLR Rogaland ønskjer ikkje å driva prisane opp.

Tal selde kvotar i 2017 er 25 stk., for 8 av desse har me kun skrive kontrakten og ordna dei nødvendige dokumenta til Landbruksdirektoratet. Det var 39 kjøparar. Omsett totalt kvantum for sal er 2 948 049 liter. 80 % av dette er selt privat i Rogaland, medan resten som kjent gjekk til staten for kr 2,50 pr. liter.

Tal utleigde kvotar i 2017 er 64, herav er 37 som har avtalt pris seg imellom, og vi kun har skrive avtalen og ordna med innsending til Landbruksdirektoratet. Det var 80 leigetakarar. Utleigd totalt kvantum er 6 269 250 liter.

Ønsker du å stå på lista hjå oss i 2018 for potensielt kjøp/leige, ta gjerne kontakt. Alle på lista får ei melding på sms når det kjem kvote inn for sal/utleige. Kontaktperson er Liv Oddny Slettebø, tlf. 911 81 242.