Helgjødsel- ei aktuell lokalprodusert NPK-gjødsel

13.02.2017 (Oppdatert: 04.04.2017) ,  Ragnvald Gramstad | Nyhet

Helgjødsel er etter kvart godt innarbeidd som mineralgjødsel til beite- og eng-gjødsling. Gjødsla er godt dokumentert i ulike forsøk og har gitt lik avling og kvalitet som anna tilsvarande NPK-gjødsel.

Praktisk bruk av Helgjødsel

Helgjødsel kan ein i dag få kjøpt som Helgjødsel  18-1-10 med eller utan tilsetjing av kobolt

eller kopar. Helgjødsel  18-1-10 er godt tilpassa til bruk som grunngjødsling til beite om  våren der ein ikkje nyttar beite som spreieareal for husdyrgjødsel. Høveleg mengde per daa om våren kan vera om lag 40-45 kg. Dersom ein vel å gi kobolt, vil Helgjødsel tilsett 2 kg kobolsulfat per tonn gjødsel med 40-45 kg per daa om våren, gi tilstrekkeleg kobolt for heile beitesesongen. Ein kan eventuelt fordela same gjødsla over to utkøyringar med om lag 25 kg/daa kvar gong.

Helgjødsel 18-1-10 kan også vera ei alternativ NPK gjødsel til eng der ein har god fosfortilstand i jord, og ikkje skal bruka husdyrgjødsel. Eksempelvis som vårgjødsel til kvalitetshøy til hest. Ca. 60 kg 18-1-10 per daa tidleg om våren vil vera høveleg mengde til ei god høyavling i slutten av juni.

 

Nyhet i 2017.

Selen er eit viktig mikronæringstoff som det finns lite og ikkje noko av i beite og enggras Tilføring av Selen har positiv effekt på å styrka immunforsvaret til dyr, og spesielt forhold til mindre mastitt, betre brunst  osv.

Det vert tilført Selen på fleire måtar i dag, men tilføring gjennom gjødsling og opptak via jord opp i plantene har alltid hatt positiv effekt. Tidlegare nytta ein mineralgjødsel 21-3.8 eller i dag også gjennom NK 22-0-12 tilsett  Selen.

I vår kan ein på bestilling få tilsett Selen i Helgjødsel 18-1-10 eller Helgjødsel 18-1-2. Bruk av 40-50 kg Helgjødsel  18-1-10/daa eller 20-25 kg 18-1-2/daa vil gi ca 1 gram Selen per  daa. Det skal vera tilstrekkeleg  for forsyning av Selen gjennom heile beiteperioden.

Kanskje kan dette vera med på å gi ei betre jurhelse og mindre jurbetennelse på Sau i mai/juni??

 

 

Heigjødsel 18-1-2

Denne typen Helgjødsel vart produsert ny i 2014, og er tilsett 4 kg koboltsulfat per tonn gjødsel. Denne Helgjødsla er aktuell som beitegjødsel i kombinasjon med husdyrgjødsel om våren. Ei aktuell tilråding kan vera ca. 2 tonn tynn blautgjødsel/daa tidleg om våren, og i tillegg overgjødsling med om lag 20-25 kg Helgjødsel  18-1-2 med 4 kg  koboltsulfat/tonn.

Dette vil sikra tilstrekkeleg koboltforsyning  gjennom heile beitesesongen.

 

Ta kontakt med di lokale NLR-eining om aktuelle løysingar for gjødsling og eventuelt tilføring av kobolt, kopar og  Selen.

 

Med vennleg helsing

Norsk Landbruksrådgiving Rogaland

 

Ragnvald Gramstad seniorrådgivar



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.