Ledig stilling: Assisterande dagleg leiar

28.02.2018 (Oppdatert: 09.03.2018) | Nyhet

Norsk Landbruksrådgiving Rogaland søker assisterande dagleg leiar som skal vera med og utvikla organisasjonen vidare. Det er ei utfordrande stilling, og rette person vil kunna utforma og utvikla stillinga i eit fagleg og engasjerande landbruksmiljø.

Vil du bli en del av denne gjengen? Da er du hjertelig velkommen til å søke på stillingen! Foto: Anette Monsen.

Norsk Landbruksrådgiving Rogaland er ein medlemseigd organisasjon med 3300 medlemmer og 26 tilsette. Hovudkontoret er på Særheim i Klepp kommune med fire avdelingskontor i fylket. Vi arbeider i eit aktivt landbruksmiljø med rådgiving, utvikling og forsøksarbeid innan jord- og plantefag, husdyrfag, byggeplanlegging, miljø og kulturlandskap, HMS og økologisk landbruk.

Norsk Landbruksrådgiving Rogaland søker assisterande dagleg leiar

Arbeidsoppgåver:
• Vera med og utvikla Norsk Landbruksrådgiving Rogaland i tråd med strategiske val
• Utvikla eksisterande og nye fag- og tenesteområde
• Personalleiing
• Andre arbeidsoppgåver etter behov

Kvalifikasjonar
• Ønskeleg med leiarerfaring, og gjerne økonomiforståing
• Gjerne erfaring frå prosjektstyring og prosjektleiing
• Forståing for landbruket, gjerne med kunnskapar innan eit av fagområda våre

Utdanning
• Relevant utdanning og erfaring

Eigenskapar
• Gode leiareigenskapar
• Evne til nytenking og nyskaping
• Gode kommunikasjonsevne, lagbyggar, drivkraft og motivator
• Ambisiøs og entusiastisk


Vi kan tilby:
• Variert og utfordrande arbeid i eit fagleg aktivt miljø
• Godt arbeidsmiljø
• Kontorstad på Særheim, Klepp kommune
• Lønn etter avtale
• Gode pensjons- og forsikringsordningar.

For fleire opplysningar om stillinga, ta kontakt med dagleg leiar Helga Hellesø, tlf 932 67 203.

Kortfatta søknad med CV kan sendast helga.helleso@nlr.no

Søknadsfrist: 6.april 2018



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.