Fare for varmgang

21.09.2018 (Oppdatert: 15.10.2018) ,  Ole Arnfinn Røysland | Nyhet

Resultata frå fôrprøvane byrjer å komme inn. Det er mykje bra fôr, men faren for varmgang er større enn me er vant med.

1. og 2. slåtten bærer preg av mykje tørt fôr. Foto: Anders W. Aune

 

Me har fått inn ein del resultat på fôrprøvar for 1.slåtten. Generelt er det mykje tørt fôr med høg fôreiningskonsentrasjon og lite gjæring. Dette er eit glimrande fôr for dyra. Men på grunn av den høge tørrstoffprosenten og den begrensa gjæringa, har det lettare for å verte varmgang i fôret enn me er vant med. Ver obs på dette.

FKRA har ein eigen varmgangsindeks på analysebeviset. Dersom denne er over 20 er det auka fare for varmgang i fôret. Sjekk analysebeviset og ver klar over faren når du byrjer å fôre.

Varmgang skuldast som oftast oppblomstring av gjærsopp i fôret. Det vil alltid følge med noko gjærsopp ved ilegging av silo, men den utgjer skjeldan noko problem før den får luft når me opner siloen att. Gjærsoppen vert ikkje hemma verken av låg pH eller av fortørking. Difor er det viktig å gi gjærsoppen så lite luft som mulig for å hindre at han set i gang. Tørt fôr er ofte dårlegare pakka enn vått fôr, og lufta vil difor ofte trenge lenger inn i siloen enn ved våtare masse.

Det er vist at Propionsyre og benzosyre har hemmande effekt på gjærsopp. Dersom det er brukt kofasil-produkt, vil dette òg ha teke knekken på mykje av gjærsoppen etter pakking.

 

Viktigaste tiltak for å unngå varmgang:

  • Minst mulig overflate som er eksponert for luft
    • Reine kutt i plansilo
    • Stort uttak
    • Ikkje fjern meir presenning enn naudsynt.
    • Legg mest mogleg pressenning attende for å hindre lufttilgang.

Har ein fyrst fått varmgang kan ein prøve følgande tiltak for å stoppe varmgangen:

  • Ta ut tilstrekkeleg masse for å komme ned i kald silo
  • Tilsette propion- og benzosyre baserte produkt (Til dømes GrasAAT korn) for å hemme varmgangen
    • 0,5-1 liter pr m2 silooverflate
    • Dekk godt med plast etterpå fram til fôring
    • Gjenta same behandling etter kvart uttak fram til problemet med varmgang avtek

 

 

Har du problem med varmgang?

Ta kontakt med ein av oss for fleir konkrete tiltak:

Ole Arnfinn Røysland
970 00 922

 

Lars Kjetil Flesland
947 81 807

 

Håkon Pedersen
948 76 807



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.