Formidling mjølkekvote

11.10.2018 (Oppdatert: 11.10.2018) ,  Liv Oddny Slettebø | Nyhet

Fristane for sal/utleige kvote er passert for i år, og neste sesong for formidling mjølkekvote startar neppe før i mars neste år.

Foto: Ane Harestad

Det har vore helst stor interesse for kvoteformidling i år også, både med tanke på å leiga og kjøpa kvote. Ein heil del ønsker også assistanse ved fornying av leigeavtalane. Det er marknadskreftene som rår, pris på kvote blir bestemt av tilbod og etterspurnad, men NLR Rogaland ønskjer ikkje å driva prisane opp. Tørken i sommar påverka  nok leigeprisen i august og september. Sal av kvote var derimot kome såpass langt før tørken for alvor fekk konsekvensar, så der vart ikkje prisen påverka.

 

Tal selde kvotar i 2018 er 29 stk., for 12 av desse har me kun skrive kontrakten og ordna dei nødvendige dokumenta til Landbruksdirektoratet. Det var 53 kjøparar. Omsett totalt kvantum for sal er 3 700 985 liter. 80 % av dette er selt privat i Rogaland, medan resten som kjent vert selt til staten for kr 2,50 pr. liter.

 

Tal utleigde kvotar i 2018 er 72. (Heile eller delar av kvoten.) Herav er 45 som har avtalt pris seg imellom, og vi kun har skrive avtalen og ordna med innsending til Landbruksdirektoratet. Det var 84 leigetakarar. Utleigd totalt kvantum er 6 707 495 liter.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.