Overrekking av Norges Vels medalje for lang og tru teneste, gullklokke og heider til 10-års-jubilantar under julemiddagen for styret og tilsette 4.desember.
Harald Hetland utvikla prislister for maskinar og utstyr som har vore svært mykje nytta. Han organiserer maskinførarkus, og held ulike kurs, i tillegg til å ta jordprøvar, laga gjødselplanar og funksjonstesta åkersprøyter.
Kari Aarekol har tett oppfølging av grønsaksprodusentar, og besøker om lag 15 produsentar i vekstsesongen og gir råd om kva dei bør gjera for å produsera grønsaker av best mulig kvalitet, som samsvarer med det kundane vil ha.
NLR Rogaland takka Reidun Haugland for arbeidet ho har lagt ned over 25 år, og overrakte henne gullklokke. Reidun har ansvar for føring av rekneskapen.
May Ann Levik, Arnfinn Særheim og Liv Oddny Slettebø har vore tilsett i Landbrukets HMS/NLR Rogaland i 10 år, og fekk overrekt gåve for arbeidsinnsatsen. Arbeidsoppgåvene til May Ann Levik og Arnfinn Særheim er HMS-besøk ute på garden, og held i tillegg kurs for medlemmene. Liv Oddny Slettebø har ansvar for medlemsregisteret og kvoteformidling.
Norsk Landbruksrådgiving Rogaland
Særheim, Postvegen 211, 4353 Klepp stasjon
Telefon: 51 78 91 80
E-post: rogaland@nlr.no
Org.nummer: 870 543 492