Intressert i fôrmais?

19.09.2018 (Oppdatert: 19.09.2018) | Nyhet

Fredag 21.09 kl 19.00 vert det markdag for å sjå på fôrmais. Det vert gitt dyrkingsråd, vist resultat frå ulike sortar og delt erfaringar. Anders W. Aune frå NIBIO vert med. Hjarteleg velkomen.

2018 har vert eit godt år for maisen. Foto: Anders W. Aune

Stad: Sandeveien 2, Randaberg (Hjå Trond Vistnes)
Dag: Fredag 21.09

Tid: kl 19.00

 

Program:

Befaring i maisåkeren

- Diskusjon om haustetidspunkt

Uformell samling i møterommet hjå Trond

- Resultat av sortsprøving

- Dyrkingsråd

- Erfaringsutveksling

- Oppsummering av maissessongen 2018

 

Anders W. Aune frå NIBIO (Tidlegare tilsett i NLR Rogaland) vert med.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.