Medlemsmøte 2018

09.03.2018 (Oppdatert: 09.03.2018) | Nyhet

Medlemmene fekk mulighet til å koma med tilbakemeldingar på arbeidet vårt på medlemsmøta som vart halde på Helleland, Særheim, Sand og Tysvær siste halvdel av februar. På møta var det også val av utsendingar til årsmøte 20.mars. Stort sett var det gode tilbakemeldingar etter at NLR-einingane slo seg saman i fylket, men også saker som me bør vera meir bevisste på og arbeida med.

Det kom fram at me bør få tydlegare fram korleis medlemsdemokratiet fungerer: medlemsmøte med val av utsendingar til årsmøte. For at ein skal ha sett seg inn i sakene, er det ønske om at årsmeldinga er publisert før medlemsmøta.

Det vart uttrykt skepsis til at NLR Rogaland står som arrangør av kurs som forsikringsselskapa krev. Det kan lett oppfattast at dette då bør vera eit formelt krav frå det offentlege. Det er mange nok krav til kurs for bonden, og NLR Rogaland bør ikkje vera ein som arbeider for at det vert krav om fleire kurs.

Fleire medlemmer ønskjer oppfølging på garden sin, og stilte spørsmål om me framleis kan koma ut på garden. Det ønskjer ein absolutt å kunna bidra med. Det kom også fram av NLR bør vera ein pådrivar på klimarådgiving, og me orienterte om arbeidet i prosjektet Klimasmart landbruk.

Mange medlemmer spør etter fleire digitale løysingar, blant anna HMS-systemet.

Spørsmålet om kvifor NLR Rogaland er foreining og ikkje samvirke, kom opp. Styret meiner at me bør halda fram som foreining. Det var også spørsmål om kontorbygg. Begge sakene kjem opp på årsmøtet.

 

Desse vart valde til årsmøteutsendingar på medlemsmøta:

 

Avdeling 1 :    Bjerkreim, Sokndal, Lund, Eigersund  - 404 medlemmer - 3 kandidatar

  • Brigt Slettebø, Bjerkreim                             ikkje på val
  • May- Sissel Nodland, Eigersund                    ikkje på val
  • Sven Bjarne Solberg, Bjerkreim                   2 år, på val
  • Vara: Hans Stenberg Lund                           2 år, på val

 

Avdeling 2:     Hå, Time, Klepp, Gjesdal, Sandnes, Sola, Stavanger, Randaberg, Kvitsøy,  Rennesøy, Finnøy. Hjelmeland, Strand, Forsand
- 1774 medlemmer - 12 kandidatar

  • Anders Ueland, Hå                             ikkje på val
  • Bjarte Nærland, Hå                            ikkje på val
  • Ragnhild Stokka Dyngeland, Time       ikkje på val
  • Ola Sunde, Klepp                               ikkje på val
  • Håkon Hanasand, Rennesøy                ikkje på val
  • Gunnar Bø, Årdal                               ikkje på val
  • Jørn Viste, Hå                                    2 år, på val
  • Gro Håland, Gjesdal                           2 år, på val
  • Børge Næss, Strand                           2 år, på val
  • Sonja Herikstad Skårland, Hå             2 år, på val
  • Oddmund Sevheim, Finnøy                2 år, på val
  • Andreas Aarsland, Time                     2 år, på val
  • Vara:  Trond Vistnes, Randaberg         ikkje på val
  •           Bjarte Austbø, Finnøy               2 år, på val
  •           Margunn Nedrebø, Gjesdal        2 år, på val     

 

Avdeling 3:     Sveio, Haugesund, Utsira, Karmøy, Tysvær, Bokn, Vindafjord, Etne - 949 medlemmer – 7 kandidatar

  • Anne Holter Vae, Etne                       ikkje på val
  • Gette Eidesen, Haugesund                ikkje på val
  • Louis Medhaug, Bokn                       ikkje på val
  • Hallgeir Rønnevik, Vindafjord            ikkje på val
  • Jakob Eskeland, Vindafjord               2 år, på val
  • Reidar Berge, Etne                           2 år, på val
  • Liv Haukås, Tysvær                          2 år, på val
  • Vara:    Alf Egil Vaula, Vindafjord       2 år, på val                        
  •             Torleif Susort, Tysvær           2 år, på val
  •             Egil Otto Håkull, Vindafjord   2 år, på val

 

Avdeling 4:     Sauda og Suldal - 223 medlemmer - 2 kandidatar

  • Ola Hauge, Suldal                              ikkje på val
  • Ola Magnar Birkeland, Sauda              2 år, på val
  • Sissel Bøthun, Suldal                          2 år, på val


Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.