Planlegg vinteren med hjelp av NLR Rogaland

10.08.2018 (Oppdatert: 10.08.2018) ,  Ole Arnfinn Røysland | Nyhet

Ein rundball kan vere så mangt. For å stå best mogleg rusta til vinteren, er det viktig å vite kva fôr ein har på lager. Generelt inneheld årets ballar mykje meir fôr enn eit normalår. Me hjelper gladeleg til med både uttak av fôrprøve, oppmåling av fôrlager, vurdering av fôrkvalitet og planlegging fôrdisponeringa

Foto: Ole Arnfinn Røysland

Surfôr kan vere så mangt. Grovt sett kan ein dele innhaldet i surfôret inn i to: Vatn og tørrstoff. For dyra er det tørrstoffet som er interessant. Det er her energien, proteinet, minerala og vitamina ligg. Dess tørrare graset var ved hausting, dess meir fôr er det i kvar ball. Dette er informasjon du får ein fôrprøve, eller du kan finne tørrstoffet sjølv ved hjelp av ein steikeomn eller mikrobølgeomn.

I fjor inneheldt brorparten av fôret mellom 20 og 25% tørrstoff. Til nå i år er gjennomsnittet tett oppunder 39% tørrstoff. Dersom ein ball veg 750 kg og har eit tørrstoff på 20%, vil ballen innehalde 150 kg tørrstoff. Dersom det same ballen har eit tørrstoffinnhald på 39%, vil det vere 293 kg tørrstoff. Altså nærare dobbelt så mykje fôr pr. ball.

 

Tabell 1: Mengde tørrstoff i ein ball à 750 kg ved ulik Tørrstoffprosent

Tørrstoff

Tørrstoff i kvar ball

20 %

150 Kg

25 %

188 Kg

30 %

225 Kg

35 %

263 Kg

40 %

300 Kg

45 %

338 Kg

 

For utan tørrstoffet, er det fordelaktig å ha ei oversikt over energi- og proteininnhaldet i fôret, og kor mykje fiber (NDF) fôret inneheld. Dette avgjer kva type og kor mykje kraftfôr silofôret kan kombinerast med.

Ønsker du hjelp til å få oversikt over fôrlageret, hjelper me til med alt frå uttak av fôrprøve og oppmåling av fôrlager, til berekning og planlegging av fôringa gjennom vinteren.

Kontakt Ingrid Møgedal for meir informasjon:
e-post:
tlf: 976 66 005

Me jobbar òg med å utvikle ein berekningskalkulator for at du sjølv enkelt kan berekne kor mykje fôr du har på lager. Denne vil verte tilgjengeleg for medlemmar innan kort tid.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.