Prising av rundball

10.09.2018 (Oppdatert: 10.09.2018) | Nyhet

Ein rundballehandel er alltid ein avtale mellom kjøpar og seljar. Desse må verte samde seg i mellom kva som er fornufrig pris. Det er likevel nokre faktorar ein kan ha med i bakhovudet når prisen skal setjast:

Foto: Anders W. Aune

Ein rundballehandel er alltid ein avtale mellom kjøpar og seljar. Desse må verte samde seg i mellom kva som er fornufrig pris. Det er likevel nokre faktorar ein kan ha med i bakhovudet når prisen skal setjast:

Den viktigaste faktoren er kor mange fôreiningar det er i ballen. Dette er enkelt å regne ut (vekt*Tørrstoff%*FEm-konsentrasjon). Vidare kan ein rekne eit påslag på omlag 35,- Kr/ball ved bruk av ensileringsmiddel og 15 kr pr to lag ekstra plast utover 8 lag.

Kva som er fornuftig pris pr. fôreining vil variere noko. Våre berekningar viser at det koster mellom 2,70-2,90 kr/FEm å produsere ein rundball. I desse tala er det teke med ei timeløn på Kr 250,- for arbeidsinnsatsen. Den viktigaste faktoren som påverker kva prisen vert pr. FEm, er avlingsmengde. Di fleir fôreiningar produsert, di fleir fôreiningar har du å fordela kostnadane på.

Ellers vil andre forhold som plantebestand (ugras vs kulturgras), gjæringskvalitet (smørsyre? Ammoniakk? Etanol?) mm. òg påverke kva ein rundballe er verd. Dette er vanskeleg å talfeste på generelt grunnlag. difor er her naudsynt å bruke ein vess grad av skjønn.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.