Transport/flytting av rundballar

25.06.2018 (Oppdatert: 25.06.2018) Harald Hetland

Me har tidlegare år fått melding om at det har oppstått problemer med ein del rundballe-for som har vore transportert/flytta på ei god stund etter det er ferdig ensilert og stabilt. Normalt vil ensilerings-prosessen vera ferdig etter 4-6 veker og ein seier at foret er stabilt

Ved flytting etter dette vil ein i mange tilfeller kneppa ballen både ved på og avlessing, og ein får då utveksling av luft og nytt oksygen inn i ballen. Har ein då eit rundballefor som er litt grovt, er ein ekstra utsett for luftutveksing.  Dette kan då føra til mugg og varmgang, og blir det då liggjande lenge vil det skje ein råtnings-prosess.

Alt dette går fortare til høgare temperaturar ein har.

Vår tilråding vil då vera:

Vent til  temperaturen vert lågare med å flytta på store mengder rundballar.
Viss du likevel må flytta rundballane  no i sommar, pass på å få fora dei opp raskt.

 

BRUK AV RUNDBALLAR MED KOFASIL

Rundballar med kofasil som ensilerings-middel må ikkje brukast som for før etter 4 veker, då er nitrittet blitt omdanna til ammonium.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.