Formidling mjølkekvote – oppsummering for 2019

14.10.2019 (Oppdatert: 14.10.2019) Liv Oddny Slettebø

Fristen for sal og utleige av mjølkekvote er nå passert. Det har i år vore rekordstor aktivitet i kvoteformidling, spesielt med tanke på sal og kjøp av kvote. Ny kvoteordning for sal og kjøp, som var varsla ferdig til 1.10., er ikkje ferdigstilt, ein må difor avventa for å sjå kva som blir konsekvensane av det arbeidet.

Tal selde kvotar/delar av kvote i 2019 gjennom oss er 66, mot 29 i fjor. Herav er 26 sal der pris er avtalt internt mellom partane, og vi har skrive avtalen og ordna innsending til Landbruksdirektoratet. Kvotane er fordelte på 91 kjøparar. Mange har avslutta langvarige leigeforhold der leigetakar har kjøpt kvoten.

 

Omsett totalt kvantum for sal er 6 161 076 liter. 80 % av dette er selt privat i Rogaland, medan resten som kjent gjekk til staten for kr 2,50 pr. liter.( Tilsvarande kvantum for 2018 var totalt 3 700 985 liter.)

 

Det nye varsla regelverket som var varsla, førte til ein tydeleg auke i sal. Det var også tilsvarande stor interesse for å kjøpa kvote, mange ser det som usikkert korleis det blir å få sjanse til å kjøpa neste år/åra som kjem. Prisen heldt seg difor jamt høg.

 

Regelverket for utleige/leige går vidare uendra i følge jordbruksavtalen 2019.

 

Tal utleigde kvotar/delar av kvote i 2019 gjennom oss er 59, herav har 36 inngått avtale om fornying, eller det er gjort avtale internt mellom partane om prisen. Vi har i dei tilfella skrive avtalen og ordna med innsending til Landbruksdirektoratet. Til samanlikning var det i fjor 72 stk. som leigde ut kvoten. Omsett kvantum for utleie gjennom oss i år er 6 454 992 liter. Tilsvarande kvantum for i fjor var 6 707 495 liter.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.