Formidlinga av mjølkekvote i 2019

29.07.2019 (Oppdatert: 29.07.2019)

Fristen for sal kvote er 1. august, med andre ord er sesongen for dette omtrent over for i år.

Illustrasjon: Lars Kjetil Flesland

Det har vore stor aktivitet i kvoteformidlinga også i år, spesielt med tanke på sal og kjøp av kvote. Det som er varsla frå myndighetene etter jordbruksavtalen, er at kvoteordninga for sal og kjøp skal suspenderast når denne omsetjingsperioden er over. Mjølkeproduksjonen må reduserast. Det vil bli sett ned ei arbeidsgruppe som skal utarbeida eit opplegg for korleis dette kan gjennomførast, og det er sett ein frist til 1. oktober for å etablera dette. Partane er samde om at nedskalering skal bli gjennomført både ved å seinka forholdstalet på disponibel kvote og ved oppkjøp av mjølkekvotar. Ei arbeidsgruppe skal arbeida med ny ordning frå 2. august og ha nytt regelverk klart til 1.10.

 

Tal selde kvotar/delar av kvote i 2019 gjennom oss er 66, mot 29 i fjor, herav er 26 sal der pris er avtalt internt mellom partane, og vi har skrive avtalen og ordna innsending til Landbruksdirektoratet. Kvotane er fordelte på 91 kjøparar. Mange har avslutta langvarige leigeforhold der leigetakar har kjøpt kvoten.

 

Omsett totalt kvantum for sal er 6 161 076 liter. 80 % av dette er selt privat i Rogaland, medan resten som kjent gjekk til staten for kr 2,50 pr. liter.( Tilsvarande kvantum for 2018 var totalt 3 700 985 liter.)

 

Det nye regelverket som er varsla, og som ein til nå ikkje veit rekkevidda av, har ført til ein markant auke i sal. Det har tilsvarande vore stor interesse for å kjøpa kvote, mange ser det som usikkert korleis det blir å få sjanse til å kjøpa neste år/åra som kjem. Prisen har difor halde seg jamt høg.

 

Regelverket for utleige/leige går vidare uendra i følge jordbruksavtalen 2019.

Til nå i år har 31 stk. leigd ut kvoten gjennom oss, herav har 19 stk. gjort avtale om fornying, eller det er gjort avtale internt mellom partane. Då har vi kun skrive avtalen og ordna med innsending til Landbruksdirektoratet. Til samanlikning var det i fjor 72 stk. som leigde ut kvoten.

 

Nå gjenstår å sjå om det auka salet vil føra til at det kjem merkbart færre kvotar for utleige.

Det er stor interesse etter å få leiga. Eg går på ferie 3 veker frå 26.7. Kan så formidla kvote til utleige dei to siste vekene i august, bruker september til å få ordna alt av innsending. Min frist for utleige/leige er, som før, 1.9., medan fristen hjå Landbruksdirektoratet er 1.10.

 

God sommar vidare! Liv Oddny Slettebø



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.