Ledig stilling som forsøksteknikar

30.07.2019 (Oppdatert: 30.07.2019) Helga Hellesø

Vi søker ny medarbeidar!

Vi har en ledig stilling hos oss, kunne du tenke deg å fylle den? Foto: Joacim Laruendz

Norsk Landbruksrådgiving Rogaland er ein medlemseigd organisasjon med 3300 medlemmer og 26 tilsette. Hovudkontoret er i landbruksmiljøet på Særheim i Klepp med fire avdelingskontor i fylket. Vi arbeider i eit aktivt og krevjande landbruksmiljø med rådgiving, HMS, utvikling og forsøksarbeid innan jord- og plantefag, husdyrfag, byggeplanlegging, miljø og kulturlandskap og økologisk landbruk.

 

Ein av våre erfarne forsøksteknikarar på Særheim ønskjer nye erfaringar, og vi søker hans etterfølgjar.

Stillinga er knytt til grovfôr, samstundes som ein vil samarbeida med andre i tilsvarande stilling.

 

Vi søkjer etter medarbeidar med

  • Gode, generelle kunnskapar innan landbruk, helst grovfôrproduksjon
  • Strukturert person med gode samarbeidsevne
  • Agroteknikarutdanning/bachelor eller relevant erfaring
  • Gode datakunnskapar

 

Aktuelle arbeidsoppgåver:

  • Praktisk gjennomføring av arbeid på feltforsøk og i prosjekt
  • Formidling av gjødsel og fôr
  • Jordprøvetaking, gjødselplanlegging og fôrprøvar 

 

Vi kan tilby:

  • Variert og utfordrande arbeid i eit fagleg aktivt miljø
  • Kontorstad: Særheim
  • Lønn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.

Tilsetting så snart som råd

For fleire opplysningar om stillinga, ta kontakt med dagleg leiar Helga Hellesø på telefon 932 67 203. Kortfatta søknad med CV kan sendast Norsk Landbruksrådgiving Rogaland, Postvegen 211, 4353 Klepp st. eller på e-post; helga.helleso@nlr.no

Søknadsfrist: 2. september 2019.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.