Ledig stilling som rådgivar grovfôrproduksjon

08.05.2019 (Oppdatert: 08.05.2019) Helga Hellesø

Ein av våre erfarne rådgivarar på Særheim går av med pensjon, og vi søker hans etterfølgjar.

Vi har en ledig stilling hos oss, kunne du tenke deg å fylle den? Foto: Joacim Laruendz

Norsk Landbruksrådgiving Rogaland er ein medlemseigd organisasjon med 3300 medlemmer og 28 tilsette. Hovudkontoret er i landbruksmiljøet på Særheim i Klepp med fire avdelingskontor i fylket. Vi arbeider i eit aktivt og krevjande landbruksmiljø med rådgiving, HMS, utvikling og forsøksarbeid innan jord- og plantefag, husdyrfag, byggeplanlegging, miljø og kulturlandskap og økologisk landbruk.

 

Ein av våre erfarne rådgivarar på Særheim går av med pensjon, og vi søker hans etterfølgjar.

Stillinga som rådgivar er ei spennande stilling, og rette person vil kunna utforma og utvikla stillinga i eit fagleg og engasjerande landbruksmiljø.

 

Vi søkjer etter medarbeidar med

  • Gode kunnskapar innan grovfôrproduksjon, gjerne interesse for presisjonslandbruk eller økonomi
  • God kommunikasjonsevne, evne til sjølvstendig arbeid og samarbeidsevne
  • Fortrinnsvis masterutdanning, gjerne frå NMBU, eller anna relevant høgskoleutdanning
  • Ønske om og vilje til å utvikla rådgivingstilbodet
  • Gode datakunnskapar


Aktuelle arbeidsoppgåver:

  • Rådgiving overfor offensive produsentar på Jæren og i Ryfylke
  • Informasjonsarbeid (fagmøte, erfaringsgrupper, medlemsskriv, fagartiklar)
  • Ansvar for FoU
  • Prosjekt- og utviklingsarbeid i samarbeid med andre organisasjonar


Vi kan tilby:

  • Variert og utfordrande arbeid i eit fagleg aktivt miljø
  • Godt arbeidsmiljø
  • Kontorstad: Særheim
  • Lønn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.

 

Kan avtala tidspunkt for å ta til i stillinga.

For fleire opplysningar om stillinga, ta kontakt med dagleg leiar Helga Hellesø, tlf 932 67 203.

Kortfatta søknad med CV kan sendast Norsk Landbruksrådgiving Rogaland, Postvegen 211, 4353 Klepp st. eller på e-post; helga.helleso@nlr.no

Søknadsfrist: 7.juni 2019.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.