Ledig stilling som HMS-rådgivar

03.06.2019 (Oppdatert: 03.06.2019) Helga Hellesø

Vi søker ny medarbeidar!

Vi har en ledig stilling hos oss, kunne du tenke deg å fylle den? Foto: Joacim Laruendz

Norsk Landbruksrådgiving Rogaland er ein medlemseigd organisasjon med 3300 medlemmer og 26 tilsette. Hovudkontoret er i landbruksmiljøet på Særheim i Klepp med fire avdelingskontor i fylket. Vi arbeider i eit aktivt og krevjande landbruksmiljø med rådgiving, HMS, utvikling og forsøksarbeid innan jord- og plantefag, husdyrfag, byggeplanlegging, miljø og kulturlandskap og økologisk landbruk.

 

Kvardagen som HMS-rådgivar er spanande og variert. Vi søkjer personen som med sin kompetanse og sitt engasjement for landbruket kan vera med og utvikla HMS-tilbodet ytterlegare.

 

Vi søkjer etter medarbeidar med

  • God kjennskap til landbruket i Rogaland
  • Særskilt god evne til å tilpasse kommunikasjonsform og rådgiving etter behovet til bonden
  • Evne til sjølvstendig arbeid og samarbeid
  • Ønske om å utvikla HMS-rådgivinga vidare
  • Fortrinnsvis relevant høgskoleutdanning

Aktuelle arbeidsoppgåver:

  • HMS-rådgiving hovudsakleg for produsentar i Ryfylke og Ryfylkeøyane
  • Kursaktivitet
  • Tilrettelegging og oppfølging av internkontrollen
  • Hjelp i forkant av tilsyn
  • Hjelp til KSL
  • Utarbeida SHA-plan ved byggeprosjekt
  • Krisebistand

 

Stillingsprosent kan tilpassast personen som får stillinga. Stillinga kan kombinerast med til dømes eiga gardsdrift, eller anna fagrådgiving innan NLR Rogaland. 

 

Vi kan tilby:

  • Variert og utfordrande arbeid i eit fagleg aktivt miljø
  • Godt arbeidsmiljø
  • Kontorstad: Særheim
  • Lønn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.

 

Kan avtala tidspunkt for å ta til i stillinga.

For fleire opplysningar om stillinga, ta kontakt med ass. dagleg leiar Irene Holta Tjøstheim på telefon 926 04 824. Kortfatta søknad med CV kan sendast Norsk Landbruksrådgiving Rogaland, Postvegen 211, 4353 Klepp st. eller på e-post; irene.holta.tjostheim@nlr.no

Søknadsfrist: 15.juni 2019.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.