Tiltak for pollinerande insekt

28.08.2019 (Oppdatert: 29.08.2019) Ane Harestad

På markdag i Klepp såg vi på tre ulike stader som vart etablerte i vår med tanke på ville pollinerande insekt. I år kan ein søke om RMP for tiltak.

Kantsone med næringsrik jord som vart sådd i vår med godt tilslag av dansk frøblanding og svært god etablering av raud- og kvitkløver, Klepp 27. august 2019. Foto Ane Harestad.

markdag 27. august i Klepp såg vi på tre ulike stader som vart etablerte i vår med tanke på ville pollinerande insekt.

Ei kantsone med næringsrik jord som vart sådd i vår hadde godt tilslag av dansk frøblanding av blomstereng og svært god etablering av raud- og kvitkløver. På eit anna felt med tilkøyrd jord var etableringa svak av både pionerblanding, dansk blomstereng og Natur+kløver. Kanskje den tilkøyrde jorda her var for skrinn og daud? Det best etablerte arealet var eit nyleg rydda plantefelt. Arealet her var ugrasfritt og vart sådd med dansk frøblanding i vår.

RMP – søknadsportal så snart som råd

Rogaland er eit av fylka som gir tilskot gjennom RMP til skjøtsel av soner som er viktige for ville pollinatorartar. På markdagen informerte Monica Dahlmo hjå Fylkesmannen i Rogaland  korleis ein kan søke.

Det kan enten vere ei sone på/ved eit jordbruksareal som aktivt blir sådd med eigna frøblandingar, eller skjøtsel av etablerte areal som har ei blanding med planter som gir næring for pollinatorar gjennom vekstsesongen. Frøblanding kan ikkje innehalde berre kløver eller andre belgvekstar. Sona må vere minst to meter brei, og ein kan teikne inn i kartet fleire 2 meter breie soner.

Skjøtselsråd i desse sonane er å ikkje bruke kjemiske plantevernmiddel, mineralgjødsel eller husdyrgjødsel. Slå arealet så seint i sesongen at dei viktigaste blomane er avblomstra og eventuelt bakketørke nokre dagar.  Det er viktig å fjerne plantematerialet etterpå for å unngå gjødslingseffekt. Ta vare på treslag som er gode matkjelder; lind, selje, rogn, hegg m.fl. Fjerne framande artar.

Ein bør gå inn i søknadsportalen snarast og teikne arealet i kart, eller ta kontakt med kommunen. Kommunane treng tida til å få alt klart innan søknadsfristen som er 15. oktober. Tilskotssatsen er kr 40 per meter, og maks tilskot per bruk er kr 5000.

Utover det som blir dekka av RMP, kan kommunane løyve SMIL-midlar til tiltak for pollinerande insekt.

Frøblandingar

FKRA har frø som kan eigna seg som viktige sonar for pollinerande insekt:

  • Spire Pionerblanding. Eittårig.
  • Andre eittårige vekstar: perserkløver, blodkløver, honningurt. Ver obs på honningurt og fare for frøspreiing.
  • Fleirårig, blomstrar året etter såing.
  • Turfline, dansk frøblanding. Fleirårig.
  • Spire frøblanding Natur. Kan blandast med ekstra kvit- og raudkløver
  • Spire Insektvenn Utseld?

Norgesfôr / Fiskå Mølle har også eit utval av eigna såfrø samt ei eiga bievennleg blanding.  

Les meir

10 danske råd for å hjelpe bier.

Blomstermeny for pollinerende insekter.

Pollinerande insekter – gode tiltak, NLR Viken.

Nyleg rydda plantefelt, ugrasfritt og sådd med dansk frøblanding vår 2019. God etablering. Klepp 27. august 2019. Foto Ane Harestad. 

Sådd mai 2019, areal med tilkøyrd jord og svak etablering av både pionerblanding, dansk blomstereng og Natur+kløver. Klepp 1. august 2019. Foto Ane Harestad. 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.