Grønsaker utan kjemi. Markvandringar med Thomas Holz 27.-28. mai 2019

30.04.2019 (Oppdatert: 30.04.2019) Ane Harestad

Thomas Holz blir med på markvandringar i Rogaland med tema økologisk dyrking av grønsaker. Alle interesserte er velkomne.

Økologisk produksjon av grønsaker, markvandring med Thomas Holz i Randaberg 6. mai 2018. Foto Ane Harestad.

Thomas Holz i NLR Øst har mange års erfaring med rådgiving innan økologisk dyrking av grønsaker. Han blir med på markvandringar:

- 27. mai kl 10.30-12.00 hjå Torill Østraat, Vatnelivn. 33, Sandnes.

- 27. mai kl 13.00-14.30 hjå Bodil Raustein, Raustein 15, Randaberg.

- 28. mai kl 10.00 hjå Atle Løland, Austerheimsveien 286, Sauda.

- 28. mai kl 14.00 hjå Ingemund Askeland, Gamlevegen 321, Etne.

Vi legg opp til dialog med erfaringsutvekslingar kring ugraskamp og dyrkingsteknikk ute i grønsakskulturane.

Alle interesserte produsentar er vel møtt. Du kan vera med ein eller fleire stader.

Thomas Holz har lang erfaring som grønnsaksrådgivar i Norge og Tyskland. Til dagleg jobbar han som rådgivar i NLR Øst, og har elles oppdrag i heile landet. Thomas har praktisk tilnærming til stoffet, kjenner økologiregelverket godt og leverer nyttig dyrkingskunnskap for både nybegynnarar og erfarne dyrkarar.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.