Meitemark – markdag og forsøk

16.09.2019 (Oppdatert: 04.10.2019) Annlaug Fludal, Ane Harestad

På markdag om jordliv fekk vi god innføring i kor viktig meitemark er for jordvelferden. Ved teljing av meitemark fann vi tre av dei vanlegaste artane i jordbruksjord. Vi har i 2019 eit forsøk for å sjå om husdyrgjødsel påverkar talet på meitemark i jorda.

Teljing av meitemark i jordblokker. Foto Ane Harestad.

Meitemark – markdag og forsøk

Det er eit bra teikn når jorda har mykje meitemark. Mange har mykje å lære om korleis jordlivet på garden er. 13. september møtte om lag 25 personar på markdag hjå Kolbjørn Anda i Randaberg. Reidun Pommeresche frå NORSØK var med og fortalde om dei ulike typane meitemark ein vanlegvis finn i jordlaget. Då fekk vi avkrefta myten om at meitemark kan leve vidare som to markar når han blir delt. Ein meitemark har frampart med munnparti og bakpart med anus, og treng alt for å kunne gjera den viktige jobben sin. Vi såg også på ulike jordstrukturar.

Dagen før talde vi meitemark i eit forsøk der vi ser på om tjukk blautgjødsel påverkar talet på meitemark i jorda i høve til same mengde blanda ut med mykje vatn. Ved teljing av meitemark i jordblokker fann vi mykje meitemark etter alle behandlingar. Vi kjem tilbake til meir resultat når forsøket blir oppsummert i haust.

I Norge er det funne 19 artar av meitemark. Eit fåtal er å finna i vanleg jordbruksjord. I forsøkstellinga fann vi dei tre vanlegaste artane; stor meitemark, rosa meitemark og grå meitemark.

Nokre artar legg igjen ekskrement nede i jorda, og nokre ser vi ekskrement etter på jordoverflata.

Det har vore mange samlingar om jord og jordliv dei siste par åra. Målet med dette arbeidet er å gjera både bønder og rådgjevarar meir bevisste på korleis aktiviteten i jorda er. Med å spa ut ei torv av det øverste jordlaget kan ein vurdere korleis jordlivet er rundt røtene, der ein vil finna mest aktivitet.

Les meir

Småskrift om meitemark, NORSØK 2014

Nøkkel til arter av meitemark, NORSØK 2019

Nokre artar legg igjen ekskrement nede i jorda, og nokre ser vi ekskrement etter som her på jordoverflata. Foto Ane Harestad.

I forsøkstellinga fann vi dei tre vanlegaste artane i jordbruksjord. Stor meitemark (øvst), rosa meitemark og grå meitemark (nedst). Foto Annlaug Fludal.

Egg av meitemark. Klekkingstida varierer fra 3 uker til 5 måneder avhengig av art og klimaforhold. Klekkinga går raskest når jorda er godt fuktig uten å være våt og temperaturen er rundt 15ºC. Foto Annlaug Fludal.

Jord med ulike eigenskapar alt etter innhald av sand, finstoff og organisk materiale. Foto Ane Harestad.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.