Ragnvald blir pensjonist

25.06.2019 (Oppdatert: 25.06.2019) Helga Hellesø

Ragnvald Gramstad vert pensjonist frå hausten av. Han vart heidra for sin lange karriere i Jæren Forsøksring og NLR Rogaland på tilstelning 20.juni på Særheim. Mange av samarbeidskollegaer og tilsette møtte opp for å gi han ein minnerik kveld.

Ragnvald Gramstad, med kona Ingunn, på pensjonist-festen. Foto: Ane Harestad

Lang karriere

Ragnvald byrja arbeidsdagen sin hos Jæren Forsøksring 29.11.76. Forsøksringen hadde då eitt kontor til disposisjon på Statens Forskingsstasjon på Særheim. Det var 3 tilsette og vel 250 medlemmer i ringen. Dei dreiv med mange forsøk med ulike forsøksspørsmål, blant anna gjødsling til gras, sortsprøving og gjødsling til frilandsgrønsaker, korn og potet.

Kontorbygg

Ragnvald var ei drivkraft som medlem av byggjekomiteen for nytt kontorbygg på Særheim i 1978, og styrte dugnadsgjengen med stor iver. Har var også med i komiteen for påbygg og renovering ved fleire anledningar. I desse åra fekk han større ansvar for rekneskapsføring og skriving av årsmelding i tillegg til medansvar for forsøksverksemda.

Auke i medlemstal

Ut over i 1980 åra var det stor vekst i medlemstalet, og han var med på å setja rådgivinga i ringen i meir strukturerte former. Medlemmene vart organiserte i nabomøte, og det vart innført fast jordprøvetaking og gjødselplanlegging kvart 4. år.

Prisar

Under Ragnvald si leiing vart Jæren Forsøksring blant anna tildelt Norsk Hydro sin informasjonspris (1994) (Konkurranse mellom alle forsøksringane i landet om rådgivingstilbod til medlemmene), og Buddes Jærpris i 2005. Medlemstalet auka, og i 1991 passerte Jæren Forsøksring 1000 medlemmer.

Endringar

I 2005 vart Jæren Forsøksring fusjonert med Ryfylke og Finnøy Forsøksring. Etter omorganiseringa fekk Ragnvald hovudansvar for grovforrådgivinga i den nye organisasjonen.
I dag er Ragnvald med i Jæren Vannområde, og arbeider aktivt for reinare vassdrag på Jæren. Han er kontaktpersonen til seniorforeningen. I periodar har han vore ansatte valgt styremedlem i styret.


Så er me komen til dagen i dag

Entusiasten

Det har ikkje vore noko enkelt val for Ragnvald å seia opp stillinga si etter snart 43 år. Han har grubla og spekulert, og spurt andre om korleis dette skal gå. Og det er ikkje rart om han grublar på dette, for Ragnvald har levd og ånda for arbeidet sitt med like stor entusiasme, iver og glød i alle desse åra.

Samstundes vil det ikkje vera noko enkelt for oss som er igjen, heller, til å finna ut korleis me skal fylla plassen etter Ragnvald. Ragnvald har alltid vore der, kan referera til forsøk som er gjort lenge før nokon av dei ferskaste var fødde, og har ei unik erfaring som er gull verdt for oss andre. Han gløder for landbruket og grasdyrkinga spesielt, og går på nye utfordringar og faglege spørsmål med like stor entusiasme i dag som då han begynte. Ragnvald ser ingen hindringar, bare muligheter, og ideane til nye spennande oppgåver er som ein botnlaus brunn. Det er ein iderikdom å ausa av, som mange kan misunna han.

Historieforteljaren

Ragnvald ønskjer det beste for oss, og har ei eiga evne til å sprita opp kvardagen med eit godt humør og ei av sine tallause historier. Ein gong i tida sa me bare "nr 21", og så lo me. Det trongst ikkje meir forklaring. Ragnvald ønskjer ha det gildt på jobb, meiner det og seier det ofte, og fortel ei god historie. Han flegrar og ler, og ønskjer dela gleda med andre. Det er lett å trivast og føla seg vel i hans selskap.

Kontaktflata

"Alle kjenner vel Ragnvald" stod det i Bondevennen for nokre år sidan. Ragnvald har ei stor kontaktflate i alle leirar, og telefonen hans gløder til tider på året. Når me sit i bilen med han på veg til fagmøte, heng dei kvite øyreproppane ut or øyrene på han. Eg trur dei har grodd fast. Om han snakkar til oss eller den i telefonen er ikkje godt å vita, så det er bare å snakka og ut frå svaret høyra kven han snakkar med. På kontora eller i korridoren høyrer me omen av Ragnvald. Det går ikkje stille føre seg, og me veit heller ikkje der om han har kontakt med nokon av oss, eller omverda.

"Ingen veit kor haren hoppar" heiter det, og me veit ikkje alltid kor Ragnvald har vore, er, eller skal. Han er som oftast i farten, plutseleg fordufta ut or dørene, og har helst fleire avtalar oppå einannan.

Fagformidlaren

Ragnvald stortrivest når han kan fanga oppmerksomheta til medlemmene, og halda dei i si hule hand på markdagar og fagmøte med den ferskaste fagkunnskapen. Han formidlar siste nytt frå NIBIO eller andre fagmiljø, og har slikt inderleg ønske om at medlemmene skal lukkast med drifta si, og deler i rikeleg monn av den store kunnskapskjelda si.

Sjølv har eg hatt gleda av å arbeida i lag med Ragnvald i ulike epokar av livet. Me har vore på forsøksfelt i lag, fagmøte og markvandringar, tur til Danmark og eg fekk debutera som revyartist ein gong i tida – der du fekk enno ei morosam historie å fortelja om ein kollega. Sidan me har følgt kvarandre over så mange år, er dette derfor kanskje ein av dei avskjedane i arbeidslivet mitt som påverkar meg mest følelsesmessig. Ei stor takk frå meg for at du alltid har vore der med fagkunnskapen, engasjementet, latteren og humøret.

På vegen av NLR Rogaland vil eg få takka deg for den store innsatsen du har lagt ned i løpet av alle desse åra.

Me vil ønskja deg og Ingunn lukke til med mange og innhaldsrike år som pensjonistar.
Me reknar med å sjå deg i ulike samanhengar framover, og du er hjarteleg velkommen innom når det måtte passa – og me reknar med du stiller på den tradisjonelle julelunsjen!



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.