Digitale fagmøter og rådgjeving

23.03.2020 (Oppdatert: 23.03.2020)

At me ikkje kan ha fysiske møte i desse tider, stoppar ikkje rådgjevarane i NLR Rogaland frå å gje eit godt rådgjevingstilbod til medlemmane sine. Gjennom plattformen «Teams» kan me halda møter der du kan bli med, både sjå og høyra presentasjonar og stilla spørsmål tilbake! Teams kan brukast til fagmøter for fleire eller mellom deg og rådgjevar.

Å bli med i Teams-møte er ganske enkelt. Du treng ikkje ha innstallert Teams på din eigen PC. Følg berre desse to trinna: 

 

1. Bli invitert - på ein av to måtar

  • Rådgjevaren sender deg invitasjon i ein e-post med lenke
  • Ei lenke har blitt delt med deg

2. Du klikker på lenka som er delt med deg, og om du ikkje har Teams på din maskin veljer du "bli med på nettet i stedet" for å opne i nettlesar. 

 

Slik ser lenka ut i e-post: 

 

 

Kva kan eg gjere i Teams? 

Vel inne i Teams-møtet kan du høyra rådgjevaren, sjå det han/ho har delt med deg på skjermen og stille spørsmål enten munnleg eller i chat. 

 

Generelle tips

Kople på eit par minutt før møtestart for å teste at ting fungerer. 

Bruk gjerne headset med mikrofon for å delta munnleg, det gjer best lydkvalitet for dei som høyrer på. 

I møter med mange folk, er det ein fordel å dempe/mute mikrofonen sin, for å berre skru den på akkurat når du skal snakke.

Knappen for å dempe mikrofon finn du på linja som dukker opp når du rører musepeikaren over skjermen. 

 

Problem med å opne Teams i nettlesar?

Nettlesarane Egde og Google Chrome er sagt å fungera best for Teams. 

Opnar ikkje lenka seg automatisk rett i nettlesar, kan du høgreklikke på lenka, kopiere adressa og lime inn i URL-felt i rett nettlesar. 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.