Formidling mjølkekvote – oppsummering for 2020

05.10.2020 (Oppdatert: 05.10.2020) Liv Oddny Slettebø

Fristen for utleige av mjølkekvote er nå passert. Det har også i år vore stor aktivitet når det gjeld kvoteformidling, både for utleige og for sal. Den ekstraordinære oppkjøpsordninga som staten hadde i vinter, med frist for innmelding 31.3. gav helst uventa stor aktivitet, sett i lys av det store salet i 2019.

I 2020 er omsett kvote for sal gjennom oss 3 388 198 liter, mot 6 161 076 liter i 2019. Foto: Ane Harestad

Tal selde kvotar/delar av kvote i 2020 gjennom oss er 35, mot 66 i fjor. Herav er 8 sal der pris er avtalt internt mellom partane, og vi har skrive avtalen og ordna innsending til Landbruksdirektoratet. Kvotane er fordelte på 28 kjøparar. Mange av kvotane som vart selde hadde vore utleigde tidlegare.


Omsett totalt kvantum for sal gjennom oss i 2020 er 3 388 198 liter. 20 % av dette er selt privat i Rogaland, medan resten som kjent gjekk til staten for kr 15,50 pr. liter. (Tilsvarande kvantum for 2019 var totalt 6 161 076 liter.)


I Rogaland vart det påmeldt mindre mengde mjølk til oppkjøpsordninga enn det som var avsett for regionen. Det var avsett 7 139 073 liter for Rogaland, til staten blei det endelege kvantumet som vart innvilga til sal 5 422 283 liter. (Tal frå LDIR si heimeside pr. 22.09.2020)


Det var nokre som trekte påmeldinga, og det var nokre som selde privat (20 %) etter å ha meldt på alt i utgangspunktet. Difor vart det til slutt ein differanse mellom det som var påmeldt, 7 022 724 liter, og det som blei kjøpt av staten 5 422 283 liter, sjå også tabellen nedanfor.


Påmeldingar og oppkjøpsmengde fordelt kommunevis i Rogaland per 31.3.2020, frå LDIR si heimeside:

 

 

Til neste år er regelverket tilbake med frist for kjøp og sal 1. august 2021, der 60 % kan seljast privat og 40 % må seljast til staten, som då betaler kr 4,00 pr. liter.

 

Regelverket for utleige/leige går vidare uendra, så langt me veit. Heilt trygge kan ein imidlertid ikkje vera for endringar før jordbruksavtalen i mai 2021 er underskriven av partane. LDIR behandlar difor heller ingen søknader om sal/utleige før jordbruksavtalen er ferdig.


Tal utleigde kvotar/delar av kvote i 2020 gjennom oss er 61, av desse har nokre sjølv inngått avtale om fornying, eller partane har sjølv gjort avtale internt om prisen. Vi har i dei tilfella skrive avtalen og ordna med innsending til Landbruksdirektoratet. Til samanlikning var det i fjor 59 stk. som leigde ut kvoten. Omsett kvantum for utleie gjennom oss i år er 6 397 930 liter. Tilsvarande kvantum for i fjor var 6 454 992 liter.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.