Kva er nytt i plantevernregelverket?

03.08.2020 (Oppdatert: 03.08.2020) Bård Oliver Gjellestad

Noreg har eit strengt regelverk når det gjeld bruk av sprøytemiddel i nærleiken av vatn. Avstandskravet varierer, men står på etiketten til kvar enkelt plantevernmiddel. Dette er obligatorisk å følgja.

Foto: Åsmund Langeland

Reduserte avstandskrav

Det har kome ny dyseteknologi som reduserer faren for avdrift til vatn, noko regelverket til no ikkje har teke omsyn til. I praksis utgjer dei sprøytefrie område nær vatn ein betydeleg del av jordbruksarealet og dette gir produksjonstap for mange.

Våren 2020 vart det derfor opna for reduserte avstandskrav om ein brukar avdriftsreduserande utstyr. Foreløpig gjeld dette berre eit fåtal middel, men ein reknar med at det kjem fleire etterkvart som gamle godkjenningar går ut.

 

Vassjournal

I samband med Mattilsynets opning for reduserte avstandskrav til vatn har det no kome krav til føring av vassjournal, uavhengig om ein har avdriftsreduserande utsyr eller ikkje.

Regelverket seier at dersom sprøyter nærmare enn 50 meter frå overvatn skal ein føre vassjournal. Både fjordar, elvar, bekkar og innsjøar reknast som overvatn. I tillegg reknar ein open grøfter o.l. dersom det står vant der under sprøytinga eller om det er meldt nedbør i tida etter.

I praksis vil derfor kravet om vassjournal gjelda dei fleste.

 

Oppsummert:

Regelverk fram til mai 2020:

  • Avstandsgrensa som er oppgjeven på etiketten gjeld uansett dyser/utstyr
  • Ingen avstandsgrense oppgitt = minstegrensa = 3 meter
  • Krav om buffersone etter etikett

 

Nytt regelverk (redusert avstand til vatn) kan brukast når:

  • det står på etiketten at det er tillatt å sprøyte nærmare overflatevatn dersom du bruker avdriftsreduserande utstyr og teknikk.
  • det er laga buffersone i samsvar med etiketten
  • du bruker bomsprøyte og følgjer regelverket i veiledaren
  • du fører tilleggsjournal over dei avdriftsreduserande tiltaka du har nytta

 

Ein komplett plantevernjournal skal nå altså bestå av tre deler:

  • Integrert egenerklæring
  • Sprøytejournal
  • Vassjournal

 

Vassjournal må førast uavhengig om ein bruker avdriftsreduserande utstyr eller ikkje.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.