Medlem i snart 50 år

22.06.2020 (Oppdatert: 22.06.2020)

Etne forsøksring vart skipa 10. mars 1971. Initiativtakar var heradsagronom Kåre Myklebust. Blant dei 17 bøndene som teikna seg som medlem, finn vi Livard Hjelmtveit. Han er framleis medlem når vi nå er godt inne i 2020.

Livard Hjelmtveit vart medlem i Etne forsøksring 10. mars 1971. Foto: Lars Kjetil Flesland

Frå møteboka til Etne forsøksring les vi at det første året hadde forsøksringen desse forsøka:

P40: Stigande mengder gylle til eng.
R30: Store mengder handelsgjødsel til silogras.
H40: Ulike haustetider og stigande gjødsling til eng.
L20: Forsøk med seine og halvseine potetsortar.

Mjølk og mjølkekyr er det som har betydd noko for Livard. Som ung bonde bygde han ny driftsbygning med plass til 35 mjølkekyr. Difor har forsøk som kunne auke avling og graskvalitet vore viktige for drifta av garden hans.  Råd frå forsøksringen, om gjødsling, såfrø og plantevern har vore viktig.

No eksisterer ikkje Etne forsøksring lenger. Alt i 1974 vart Etne forsøksring ein del av Etne, Ølen og Vindafjord forsøksring, - og fekk god nok økonomi til å tilsetje eigen ringleiar. Heradsagronom Kåre Myklebust kunne konsentrere seg om hjelpe Etnebonden på anna vis. Det blei bl.a. gjennomført ei storstilt utbygging av nye driftsbygningar på -70 talet.  Også i Etne, - som på garden til Livard Hjelmtveit. Som ringleiar i Etne, Ølen og Vindafjord forsøksring, vart  Kjell Nes tilsett våren 1974.

Kravet til effektiv landbruksdrift har heile tida  auka. Som resultat av dette valde stadig fleire bønder å bli medlem i forsøksringen. Dei 17 medlemene i Etne forsøksring i 1971, auka til vel 550 medlemmer i 2005. Då slo  Etne, Ølen og Vindafjord forsøksring  seg saman med Haugaland forsøksring, til Haugaland landbruksrådgjeving, - og hadde brått mest 950 medlemer. I 2017 var dette likevel for få, og vi vart  ein del av NLR Rogaland med over 3400 medlemmer. Vi er no ei moderne rådgjevingsbedrift med 26 tilsette, som tilbyr rådgjeving innan mange fleire fagfelt enn grovfôr.

Livard Hjelmtveit har vore med på heile denne utviklinga. Som ung bonde fekk han med seg opptrappingsvedtaket i Stortinget i 1975, som skapte optimisme og framtidstru i Norsk landbruk. Han har vore bonde og levd med dei opp- og nedturar som jordbruksforhandlingane har medført. I mest 50 år har han fått utarbeidd gjødslingsplanar frå oss. Han har etterspurd råd om val av såfrø, og kva jordarbeidingsmetodar som gjev det beste gjenlegget, og mykje meir.  No, i ein alder av 76 år har beina svikta og innmarka er frå i år av leigd ut til yngre krefter. Også då var det naturleg å be oss om å væra med på utarbeiding av jordleigeavtalen.

Vi i forsøksringen, no Norsk landbruksrådgiving, er glade, og stolte over å ha behalde tillit i alle desse åra.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.