Grønsaker utan kjemi. Markvandringar med Thomas Holz 5. juni 2020

25.05.2020 (Oppdatert: 04.06.2020) Ane Harestad

Velkommen til digital markvandring på Teams fredag 5. juni kl 10-12. Thomas Holz blir med. Tema blir økologisk dyrking av grønsaker.

Markdag med Thomas Holz i Randaberg 27. mai 2019. Foto Ane Harestad.

Velkommen til digital markvandring på Teams fredag 5. juni kl 10-12. Thomas Holz blir med. Tema blir økologisk dyrking av grønsaker. 

Me vil i forkant ta bilete frå 5 småskala grønsaksprodusentar, og presentere dei i denne rekkefølga: Torvald Hadland i Time, Øksnevad vidaregåande skole i Klepp, Toril Østraat i Sandnes og Anne Tove og Edvar Kalstø i Karmøy.

Midtveis i møtet tek me 10 minutt pause.

Kom gjerne med spørsmål og innspel under møtet!

Thomas Holz i NLR Øst har mange års erfaring med rådgiving innan økologisk dyrking av grønsaker. Han har i mange år vore med på markvandringar i økologisk grønsaksdyrking i Rogaland.

I år prøver me ein digital variant der me håpar på dialog med erfaringsutvekslingar kring ugraskamp og dyrkingsteknikk i grønsakskulturane.

Thomas har lang erfaring som grønnsaksrådgivar i Norge og Tyskland. Til dagleg jobbar han som rådgivar i NLR Øst, og har elles oppdrag i heile landet. Thomas har praktisk tilnærming til stoffet, kjenner økologiregelverket godt og leverer nyttig dyrkingskunnskap for både nybegynnarar og erfarne dyrkarar.

Alle interesserte produsentar er velkomne.

Påmelding innan 4. juni

Send påmelding til ane.harestad@nlr.no innan 4. juni. Då vil du få e-post med link og forklaring til møtet.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.