Bli med på NLR underbuksekampen!

08.06.2020 (Oppdatert: 08.06.2020) Randi Hodnefjell, Bjørg Karin Dysjaland

Me lanserer NLR underbuksekampen i Rogaland. Grav ned trusa di og finn ut om du har god jord!

Rundt om i landet vil NLR setta fokus på jord og jordliv i år. Me veit at eit rikt og aktivt jordliv gjer god nedbryting av organisk materiale og sørger for oppbygging av jordstruktur.

 

Derfor vil me invitera med bøndene våre til å delta i et underbukseeksperiment, der ein grev ned ei eller fleire underbukser i bomull for å sjå om dei vert brotne ned i løpet av sesongen.

Retningslinene er enkle:

  • Underbuksene må vera av bomull og av ein viss storleik
  • Grav ned ei eller fleire underbukser i jorda (15-20 cm), og merk av så du finn dei att.
  • Etter to månader grev du opp restane av underbuksa og tar bilde av dei. Deltakaren kan gjerne vera med på bildet eller finna på noko anna kreativt (så lenge det torer dagens lys og deling med oss).
  • Til hausten samlar me inn bilde og brukar dei som Rogaland sitt bidrag i NLR underbuksekampen.

 

 

Her konkurrerer regionane i NLR mot ein annan om å få flest deltakarar.  Bli med vel!

 

Sjå NLR Øst forklara nedgravinga på video her: 

 

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.