Ny rådgjevar på landbruksbygg!

22.06.2020 (Oppdatert: 22.06.2020)

Daniel Breivik er tilsett som vår nye bygningsrådgjevar i NLR Rogaland, og hadde sin første arbeidsdag den 15. juni. Me ønsker Daniel velkommen til NLR Rogaland!

Eg kjem frå bygda Skjold i Vindafjord kommune, og eg skal ha kontorplass i Haugesund.

Av utdanning har eg eit fagbrev som anleggsmaskinførar, bachelorgrad i landbruksteknikk frå Blæstad (Høgskulen i Innlandet) og ein master i Entreprenørskap og innovasjon frå NMBU.

Før eg byrja hjå NLR Rogaland hadde eg ei 60 prosents stilling / engsjement hjå Fylkesmannen i Rogaland kor eg arbeida med å promotere landbruksbygg i tre for bønder som gjekk med tankar om å investere i ny driftsbygning. Fokusgruppa var mjølkebønder med båsfjøs som må gjere endringar  innan kravet om lausdrift kjem i år 2034. Hausten 2019 og ut året hadde eg ei prosjektstilling hjå Skogselskapet i Rogaland som deltakar i forprosjektet «Det bioøkonomiske fjoset».

På fritida mi går det ein del tid til gardsarbeid på heimegarden i Skjold. Ellers så har eg ei stor interesse for engelsk fotball, fisking og friluftsliv, konsertar og andre kulturarrangement.

Går du med tankar om å sette opp ein ny driftsbygning eller ombygging av eksisterande bygg. Ta kontakt om det er noko du lurer på eller treng bistand til! 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.