Grunneigar får ofte mindre råderett over eigedomen – anten at du får avgrensing i kva som kan utførast der inngrepet er gjort – eller at grunnen rett og slett vert tatt ut av landbruksproduksjon og brukt til andre formål.
Du har krav på erstatning ved slike inngrep – anten det er midlertidig inngrep eller permanent. Det kan vere erstatning for tapt produksjon eller ulemper som oppstår i anleggsperioden - eller ulemper for all framtid.
Vi kan rekne ut kva erstatning du har krav på. Erstatning skal være individuell i kvart enkelt tilfelle – det er sjeldan lurt å skrive avtale om ei «standard» erstatning som vert tilbydd.
I saker der vi har vurdert inngrep har vi eksempel på at grunneigar i etterkant har fått erstatning som er over 10 gonger meir enn fyrste tilbod frå utbyggar!
Er det planlagt utbygging på eigedomen din kontakt knut.sigurd.hauga@nlr.no tlf. 91360016