Ved strenglegging er målt tørrstoffprosent eit gjennomsnitt. Noko er rikeleg tørt, og mykje er alt for fuktig, gjerne lagt inn som ei rullekake i rundball. Breispreidd gras med same tørrstoffprosent har mykje betre kvalitet fordi her har vore mindre anding, noko som gir høgare sukkerinnhald og mindre proteinnedbryting. Dette er med på å bidra til generelt betre gjæringskvalitet, velsmakande fôr og større fôropptak hjå dyra.

Mindre risiko

Rask tørking gjev færre timar mellom slått og pressing, og dermed mindre risiko for regn i fôret. I vår kontakt med bonden ser me at mange opplever slåtten som svært stressande, med ekstremt korte tidsvindauga frå jorda er tørr nok til regnet truar igjen. Nedkorting av tida mellom slått og samanraking av graset hjelper. Må du raka saman gras som er for fuktig, vil du òg ha så mykje større fôrmengder som skal handterast at jobben tar betrakteleg lengre tid.

Effekt på kvalitet og opptak

Forsøk viser stadig at dei som får til rask tørk får høgare fôropptak. Mange fôrprøvar viser høge ammoniakktal, sjølv om ein har brukt nok plast og syre. Forklaringa er då at nedbrytinga har føregått nedst i grasstrengen, som har fungert som ein kompostranke.

Korleis fortørka raskt?

Du kan enten bruke slåmaskinar som spreier graset godt og legg graset luftig, eller bruke spreierive. Erfaringar frå forsøk i NLR har vist at det er stor forskjell på kva slåmaskin du har og korleis du behandlar graset.

Økonomi

Tørt nok fôr er svært viktig for økonomien ved bruk av rundball, men høgare grovfôropptak på grunn av meir smakeleg fôr vil hos mange og vera lønnsamt. Me får tilbakemeldingar frå fôringsrådgivarar om besetningar som har rikeleg med grovfôr, kor ein likevel ikkje klarer å redusera kraftfôrmengda, då dyra ikkje vil eta nok grovfôr. Med ein grovfôrpris på 2,70 i store delar av Rogaland, vil det framleis vera lønnsamt å få dyra til å ete meir grovfôr. Og det å få kua til å ete meir grovfôr er ein føresetnad for å auka norskandelen i fôrrasjonen.



Denne artikkelen står på trykk i Bondevennen nr. 16-2021.