Grensene er stengde for ærlege folk som gjer nytte for seg. Men varetransporten går sin gang. Mellom dei som køyrer der finst det sjeler som ordnar seg returlast som mildt sagt ikkje er tollklarert.

Kor parkerer du?

Sjølvsagt kunne vi kome med råd som at alt utstyr støtt må vere innelåst, at traktoren skal vere tjuverisikkert lagra og sånne ting. Men vi driv landbruk. Vi må vere litt praktiske. Så det generelle rådet må sjølvsagt vere å ha ein tanke for kor du set frå deg utstyret. Her er det vanskeleg å seie reint generelt kva som er beste løysinga. Særleg når vi veit at dei som røvar til seg slikt, ikkje kvir seg på å gå inn på tunet og inn i reiskapshuset.

HMS er lurt

Skal du demontere antenna når arbeidsdagen er omme, hugs å vere forsiktig! Slik demontering medfører ofte variantar av akrobatikk, noko kroppen ikkje støtt er like klar for etter ein lang dag i traktoren. Tenk difor gjennom om du kan bruke ei gardintrapp eller noko anna høveleg, slik at du reduserer risikoen når du skal strekke deg opp mot hyttetaket.

Data har høg verdi!

Antenner og terminalar lar seg erstatte, sjølv om det av og til kan ta litt tid. Data er det verre med. Sørg for å ha gode rutinar på sikkerheitskopiering! Då slepp du iallfall å starte frå grunnen av, og du unngår store hol i dokumentasjonen din. Stadig fleire system har gode ordningar for skylagring, så du slepp å styre med minnepinnar og ein omfattande manuell logistikk.

Lurer du på korleis du kan løyse dette, kan leverandøren eller NLR sine presisjonsrådgivarar hjelpe deg.

Forsikring?

Sjekk med forsikringsselskapet kva som er dekt. Der finst ordningar for alt frå forsikring av enkeltkomponentar til forsikring av data.

Vit kva du har

Det er alltid smart å notere serienummer. Viss utstyret kjem til rette, kan du få attende det som er ditt. Viss det ikkje kjem til rette, kan du få erstatta tapet med noko tilsvarande. På nokre system er det slik at leverandøren kan stenge serienummeret for oppdateringar, slik at dei som er uærlege får lite glede av det.