Det er litt ulike strategiar ute å går, men felles er eit ønskje om eit fôr med høgt innhald av protein og stivelse. Alle stadene me var innom var åkerbønnene sådd i lag med kveite. På ein av gardane var det også sådd erter i miksen. Det var sådd gjennlegg saman med heilgrøden alle stadene. Belgvekster som dekkvekst gir erfaringsmessig veldig fine gjenlegg.

Åkerbønnefrøa er store og det er viktig å få dei djupt nok ved såing, både ved tanke på sprireråme men også på grunn av utfordringar med fugl som forsyner seg av bønnene. Åkerbønner skal såast djupt, 5-6 cm for storfrøa sorter og 3-4 for småfrøa. Utfordring med duer og kråker var gjennomgåande hjå alle dyrkarane me besøkte. Det er viktig at bunnklaffar vert justert til stor nok opning, som regel større enn for erter. Nokre sortar har en ujamn form og store frø, som kan gi problemer i utmatinga. For å klare å halde jamn, djup såing må det ikke køyrast for fort ved såing.

Åkerbønner er som erter og kløver nitrogenfikserande, og treng i utgangspunktet lite tilførsel av nitrogen fra gjødsel. For å dekke fosfor og kaliumbehovet vil 4-5 tonn storfegjødsel ofte vere tilstrekkelig. To av gardane me var på var det berre brukt husdyrgjødsel, medan den tredje var det i tillegg køyrt på 12-15kg Opti NS 27-0-0 for å hjelpe kveiten i gang.

Plantevern er en utfordring ved dyrking av åkerbønner. Basagran SG er einaste godkjente middel. Dette middelet er relativt dyrt og verker ikkje like tilfredsstillande på alt av ugras. Samtidig er åkerbønnene utsett for sviskader frå Basagran SG. Det er anbefalt å dele opp dosen i fleire omgangar for å unngå sprøyteskader. Mekanisk ugrasbekjempelse etter oppspiring kan være aktuelt, da kan en harve samtidig som ein sår inn gras med eksempelvis ein Einbøkmaskin.

Videre er slåttetidspunkt, ensilering og fôring interessant å følge opp videre.


Spiring akerbonne og kveite Foto Odd Ingebrett Paulsen
Heilgrøde av åkerbønne og kveite. Sådd saman med gjenlegg. Foto: Odd Ingebret Paulsen
Akerbonne og kveite som heilgrode Foto Odd Ingebret Paulsen
Heilgrøde av åkerbønne og kveite. Sådd saman med gjenlegg. Foto: Odd Ingebret Paulsen