Føremålet er å testa ut gjødslingsnormer med nitrogen og svovel til eng i eit praktisk opplegg med husdyrgjødsel. (Mange gjødselforsøk vert utført berre med mineralgjødsel.) Feltet er lagt ut i ung timoteieng der me forventar høg avling. NLR Rogaland sitt felt ligg i ei to år gammal eng hjå Knut Ole Matre i Etne.

I forsøksplanen vert det tilført frå 0-30 kg N/daa i tillegg til husdyrgjødsel. Mineralgjødselslaga som er med har forskjellig N/S-forhold, og eitt med kalium: YaraBela Sulfan (24-0-0 -6S), YaraBela Opti-NS (27-0-0 -4S), Opti-NK (22-0-12 -3S +Se) og CAN (27-0-0). Dei to første er tildelt i tre nivå.

Feltet vart lagt ut i april i år og vil sannsynlegvis halda fram eitt år til. I snitt gav førsteslåtten avling på nær 600 kg TS/daa. Det er ikkje gjort statistiske berekningar for å skilja behandlingane, men me ser ikkje auka avling som følgje av auka gjødsling på denne. Me erfarte at det var meir legde på ruter som fekk høgaste gjødselmengde og at det gjorde det vanskeleg å få med alt graset i registreringa.

Vidare skal det sendast inn grasprøvar frå alle tre slåttar til analyse. Det vil bli interessant å sjå om kvaliteten har blitt påverka av forskjellig N- og S-gjødsling. Spesielt om ekstra svovel har gitt ein fordel i ein kald og treig vår.