Meinar talgrunnlaget viser lågt avlingsnivå

Bakgrunnen for registrering av avlingstal er at styresmaktene arbeidar med revisjon av gjødselvareforskrifta, og me i NLR Rogaland ønsker eit sikrare talmateriale på avlingstal i fylket vårt. Revisjonen byggar på NIBIO-rapporten Utredning av forslag til forskriftskrav om tillatt spredemengde av fosfor i jordbruket som legg til grunn eit middels avlingstal på 711 kg ts/daa. Som følgje av dette avlingstalet og dagens gjødsling blir konklusjonen at fosfor akkumulerer seg i jorda.

Me meiner at me kan ta ut større avlingar i fylket vårt, og dermed at rapporten byggar på feil grunnlag. Dette kan få store konsekvensar for landbruket i fylket vårt. Vår utfordring blir derfor å dokumenta at me kan ta ut større avlingar i fylket vårt enn det rapporten byggar på.

Veg balla og rekar avling utan tillegg

For at me skal kunne registrera avlingstalet ditt må du vita kor mange rundballar du har på skifte, og helst for alle slåttar. Me vil stilla med vegeutstyr, men treng hjelp av ein traktor for å løfta rundballane. Dersom du syns dette var interessant eller har nokon spørsmål er det berre å ringa Målfrid Grødem Njærheim eller Håkon Pedersen for meir informasjon.