Me får litt spørsmål frå medlemer som ønsker å legga til rette for pollinerande insekt. Forhandlarane har hatt auka etterspørsel både frå bønder, privatpersonar og entrepenørar dei siste åra.

Det finst både eittårige og fleirårige blandingar i handelen. Felleskjøpet har ein dansk eittårig blanding, Turfline, som det har blitt omsett overraskande mykje av i år. Strand har «bievennlig ettårig» nr 70 og i tillegg ein fleirårig blanding, Strand nr 71 som begge har hatt god omsetning i år.

Det blir samla inn frø av blomar i Rogaland som kanskje allereie neste år blir omsett som ei lokal fleirårig blomstereng-blanding. Men slikt frø blir dyrt om ein skal så store areal. I tillegg vil det vera vanskeleg å etablera fleirårig villblom-eng på ein godt oppgjødsla teig som i tillegg har rikeleg med ugrasfrø. Dei små blomsterfrøa lett tapa i konkurransen.

Fleire har gjort seg gode erfaringar med honningurt, gjerne i blandingar med eittårige kløverartar. Pioner er ein ferdig eittårig blanding med honningurt som viktigaste art. Fleire har gjort seg gode erfaringar med denne. Den etablerer seg raskt og held ugras i sjakk. Samtidig er det lite spiring i etterkulturar der den kunne blitt eit ugras. Dei tradisjonelle fleirårige kløverartane våre er òg gode insektplanter.

Honningurt2 Foto Atle Lende
Honningurt i eittårig "Pionerblanding" med andre blomar og gras. Foto: Atle Lende