Lene Marie

Lene Marie er 37 år, sambuar med Bjarne Sakarias og saman med tre barn bur dei i Vikedal. Frå heimegarden har ho erfaring med mjølkeproduksjon, og tidlegare også slaktegris og smågrisproduksjon.

-Eg tar gjerne i eit tak på heimegarden i Ølmedal, seier Lene Marie

Tilbake etter pause

Ho er utdanna HMS-ingeniør ved Høgskulen Stord/Haugesund, og kjem eigentleg berre tilbake til jobben ho hadde tidlegare, i det som den gong heitte Landbrukets HMS teneste.

- Eg var frå 2008 til 2011 rundt på gardane i området i same stillinga og er derfor kanskje ikkje eit nytt ansikt for alle. På same tid arbeida eg og som HMS ingeniør i Haugaland HMS fram til desember 2012. Frå 2013 og fram til no har eg arbeida med alt mogleg spennande og variert innan HMS, grave-/skiltløyver, samt kontor- og rekneskapsarbeid hjå A & B Andreassen Maskin AS i Vikedal.

No skal ho følgje opp HMS-medlemmene rundt i kommunane på Haugalandet, samt dei i Sauda og Suldal. Målet er at bøndene skal ha ein trygg og god arbeidsplass og ikkje minst er det psykiske sentralt. Bøndene må trivast på jobb!

- Eg gleder meg veldig til å møte både nye og gamle medlemmer igjen, samt å bli enda betre kjent med fleire fagområde og nye kollegaer i NLR, avsluttar Lene Marie

Ho kjem til å ha kontor i Ølen og kjem i tillegg til å vera god hjelp med KSL-arbeidet, halda kurs og svara på telefonar.

NLR er landbrukets HMS- og bedriftshelseteneste. Gjennom rutinemessig oppfølging gir HMS-rådgivarane våre bonden hjelp med å kartlegge arbeidsmiljøet på garden og finne løysningar på arbeidsrelaterte utfordringar.

Er du ikkje allereie HMS-medlem?


Les meir og teikn medlemskap her